Salmane 80 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Reis oss opp att, Herre!

1Til korleiaren. Etter «Liljene».

Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme.

2Høyr oss, Israels hyrding,

du som fører Josef som ei hjord!

Du som tronar over kjerubane,

vis deg i stråleglans

3for Efraim, Benjamin og Manasse!

Vekk di kraft og kom oss til hjelp!

4Reis oss opp att, Gud,

lat ditt andlet lysa, så vi vert frelste!

5Herre, Allhærs Gud,

kor lenge vil du la din vreide ryka

mot folket ditt som bed til deg?

6Gråt er brødet du gjev dei å eta,

og tårer må dei drikka i fullt mål.

7Du lèt våre grannar stridast om oss,

og fiendane spottar oss.

8Reis oss opp att, Allhærs Gud,

lat ditt andlet lysa, så vi vert frelste!

9Eit vintre reiv du opp i Egypt,

du dreiv folkeslag ut og planta det.

10Du rudde grunnen for det,

så det røtte seg og fylte landet.

11Skuggen av det gøymde fjell,

greinene løynde mektige sedrar.

12Det tøygde rankene ut til havet

og renningane heilt til Storelva.

13Kvifor har du rive ned gjerdet kring treet,

så alle som går framom, kan plukka,

14så villsvin frå skogen kan gnaga på det,

og krypet på marka kan eta av det?

15Vend deg hit att, Allhærs Gud,

skoda ned frå himmelen og sjå!

Ta deg av dette vintreet,

16verna om det som du har planta

med di høgre hand,

– sonen som du har gjeve styrke!

17Dei som brende opp treet lik avfall,

skal gå til grunne for ditt trugsmål.

18Hald di vernande hand over han

som er ved di høgre side,

over mennesket som du har gjeve styrke.

19Så vil vi aldri vika frå deg.

Gjev oss liv, så vil vi kalla på deg!

20Reis oss opp att, Herre, Allhærs Gud,

lat ditt andlet lysa, så vi vert frelste!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help