Ordtaka 26 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ein dårespegel

1Som snø om sommaren og regn i skurden,

så lite høver ære for ein dåre.

2Lik sporv og svale som flyg utan mål,

er grunnlaus forbanning – ho råkar ikkje.

3Som svepe til hesten og taum til eselet

er ris til ryggen på dårar.

4Svar ikkje dåren så dumt som han spør,

elles vert du sjølv som han.

5Lat dåren få svar som høver til hans dårskap,

så han ikkje vert vis i eigne augo.

6Den som sender bod med ein dåre,

høgg føtene av seg og må tola hard medferd.

7Slappe heng føtene på den lame,

så òg ordtak i munnen på dårar.

8Lik den som legg ein stein i slyngja,

er den som gjev ein dåre ære.

9Som klungergrein i handa på drukken mann

er ordtak i munnen på dårar.

10Lik ein skyttar som sårar kvar og ein,

er den som leiger ein dåre,

eller folk som råkar til å gå framom.

11Lik hunden som snur seg til sitt eige spy,

er ein dåre som tek opp att sin dårskap.

12Ser du ein mann som trur han er vis,

er det større von for dåren enn for han. Den late idest ingen ting

13Den late seier:

«Det er ei løve på vegen,

ei ungløve i gatene.»

14Døra svingar på gjenga,

den late snur seg i senga.

15Den late stikk handa i fatet,

men idest ikkje ta henne til munnen.

16Den late trur han er visare

enn sju som gjev kloke svar.

Sleipe lipper og vondskap i hjarta

17Lik ein som tek tak i øyro

på ein hund som spring framom,

er den som ryk opp i sinne

for ei trette som ikkje kjem han ved.

18Lik ein galen mann som sender ut

brannpiler og drepande skot,

19er den som har svike ein ven

og seier: «Eg gjorde det berre for moro.»

20Når veden er ende, sloknar elden;

når baktalaren er borte, stilnar tretta.

21Det trengst kol til glør og ved til eld

og trettekjær mann til å skapa strid.

22Ein baktalars ord er som godbitar,

dei sig djupt ned i kroppen.

23Som sølvlag på ei leirskål

er sleipe lipper og vondskap i hjarta.

24Ein uven skaper seg til med lippene,

men inni seg ber han på svik.

25Gjer han seg blidmælt, så tru han ikkje,

for det er sju slag styggedom i hjarta hans.

26Jamvel om ein døl sitt hat med list,

kjem vondskapen fram når folket samlast.

27Den som grev ei grav, dett sjølv nedi,

den som velter opp ein stein, får han over seg.

28Den som talar med falsk tunge,

hatar den han knuser;

ein sleip munn får mange til å falla.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help