1Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme av David,
2då mennene frå Sif kom og sa til Saul: «David held seg løynd hjå oss.»
3Frels meg ved ditt namn, Gud,
og hjelp meg til min rett med di kraft!
4Høyr mi bøn, Gud,
vend øyra til dei ord eg talar!
5For framande har reist seg mot meg,
valdsmenn står meg etter livet.
Dei bryr seg ikkje om Gud. Sela
6Men sjå, Gud er min hjelpar,
det er Herren som held meg oppe.
7Gjev han må la ulukka koma over mine fiendar!
Gjer ende på dei i din truskap!
8Med viljug hjarta skal eg ofra til deg
og prisa ditt namn, Herre,
for du er god.
9Herren friar meg ut or all naud,
eg får sjå at mine fiendar fell.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.