1Mennesket, født av ei kvinne,
lever kort og fyllest av uro.
2Det skyt opp som blomen – og visnar,
det fer bort som skuggen og står seg ikkje.
3Men du held vake auga med mannen
og stemner han for din domstol.
4Kan det koma ein rein av ein urein?
Nei, ikkje ein.
5Er mannens levetid fastsett,
har du avgjort hans månadstal,
har du sett ei grense for han,
som han ikkje kjem utom,
6så lat han få vera i fred
medan han gleder seg over sin arbeidsdag.
7For eit tre er det von.
Vert det hogge, kan det veksa opp att;
det vantar ikkje renningar.
8Om røtene i jorda eldest,
og stuven morknar i molda,
9så veks det opp att ved eimen av vatn
og set skot som eit nyplanta tre.
10Men når mannen døyr, er det ute med han,
går mennesket bort, kvar finst det då?
11Som vatnet renn ut or sjøen,
som elva minkar og turkar ut,
12såleis ligg mannen og står ikkje opp;
han vaknar ikkje så lenge himmelen er til;
ingen vekkjer han or svevnen.
13Gjev du ville gøyma meg
og halda meg løynd i dødsriket
til vreiden din går over!
Gjev du ville setja eit tidsmål for meg
og så atter koma meg i hug!
14Kunne ein som er død, få liv,
då ville eg halda ut i striden
til det kom avløysing for meg.
15Då skulle du ropa på meg og få svar,
du skulle lengta etter din skapning.
16Då skulle du telja kvart steg eg tek,
og ikkje akta på mi synd.
17Mitt brotsverk er gøymt som i ein pung,
og du har sett stengsle for mi skuld.
18Men fjell kan falla og smuldra bort,
og berg kan rykkjast av lage.
19Som vatn holar ut stein,
og ausregn skyl moldjord bort,
såleis gjer du ende på mannens von.
20Du vinn over han for alltid,
og han må gå sin veg;
du sender han bort med skamfare andlet.
21Kjem hans søner til ære, veit han det ikkje;
går det nedover med dei, merkar han det ikkje.
22Han har nok med verken i sin kropp
og med si eiga sjelenaud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.