3. Mosebok 23 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Dei store høgtidene

1Herren tala til Moses og sa:

2Sei til israelittane: Dette er Herrens høgtider, mine fastsette tider, då de skal lysa ut heilage samlingar.

3Seks dagar skal de arbeida, men den sjuande dagen skal vera full kviledag med heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera sabbat for Herren alle stader der de bur.

4Dette er Herrens høgtider, dei heilage samlingane som de til fastsette tider skal ropa ut.

5Den fjortande dagen i den fyrste månaden, straks etter soleglad, er det påske for Herren.

23Herren tala til Moses og sa:

24Sei til israelittane: Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda kviledag. Då skal de blåsa i horn og minna om den heilage samlinga.

37Dette er Herrens høgtider, då de skal ropa ut heilage samlingar og bera fram eldoffer for Herren, brennoffer og grødeoffer, slaktoffer og drikkoffer, kvar dag det som høyrer den dagen til.

38Til dette kjem Herrens sabbatar og dei gåvene, lovnadsoffera og friviljuge offera som de gjev Herren.

39Frå den femtande dagen i den sjuande månaden, når de samlar inn grøda i landet, skal de halda Herrens helg i sju dagar. Den fyrste dagen skal vera kviledag, og den åttande dagen skal vera kviledag.

40Den fyrste dagen skal de ta frukter av edle tre, palmeblad, greiner av lauvtre og poplar som veks attmed bekkene, og gleda dykk i sju dagar framfor Herren dykkar Guds åsyn. Neh 8,14f

41Såleis skal de kvart år halda høgtid for Herren i sju dagar. Det skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar. I den sjuande månaden skal de halda denne høgtida.

42Då skal de bu i lauvhytter i sju dagar. Alle som er fødde og fostra i Israel, skal bu i lauvhytter,

43så etterkomarane dykkar skal vita at eg lét israelittane bu i hytter då eg førte dei ut or Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.

44Moses kunngjorde Herrens høgtider for israelittane.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help