1Så skilde David og leiarane for gudstenesta ut sønene til Asaf, Heman og Jedutun, som i profetisk glød skulle spela på lyre, harpe og cymbel. Dette er lista over dei mennene som stod for denne tenesta:
2av Asaf-sønene: Sakkur, Josef, Netanja og Asarela – Asaf styrte sjølv songen, og spela i profetisk glød så som kongen hadde sagt føre;
3av Jedutun, det vil seia sønene til Jedutun: Gedalja, Seri, Jesaja, Hasjabja og Mattitja, seks i talet – dei stod under Jedutun, far sin, som i profetisk glød spela på lyre til Herrens lov og pris;
4av Heman, det vil seia sønene til Heman: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sjubael, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Eser, Josjbekasja, Malloti, Hotir og Mahasiot.
5Dei var alle sønene til Heman, sjåaren åt kongen. Han hadde Gud lova stor kraft. Difor gav han Heman fjorten søner og tre døtrer.
6Alle desse stod under fedrane sine, Asaf, Jedutun og Heman, når dei var med på gudstenesta i Herrens hus og song til tonane frå cymblar, harper og lyrer, alt etter føresegn frå kongen.
7Talet på dei og brørne deira som var opplærte til å syngja for Herren, var to hundre og åttiåtte, dugande songarar alle saman.
8Dei kasta lodd om arbeidet sitt, og alle stod likt, den minste som den største, meisteren som læresveinen. 24,31
9Det fyrste loddet fall på Josef av Asaf-ætta; den andre var Gedalja, han sjølv og brørne og sønene hans, tolv i talet;
10den tredje var Sakkur med søner og brør, tolv i talet.
11Det fjerde loddet fall på Jisri med søner og brør, tolv i talet;
12den femte var Netanja med søner og brør, tolv i talet;
13den sjette var Bukkia med søner og brør, tolv i talet;
14den sjuande var Jesarela med søner og brør, tolv i talet;
15den åttande var Jesaja med søner og brør, tolv i talet;
16den niande var Mattanja med søner og brør, tolv i talet;
17den tiande var Sjimi med søner og brør, tolv i talet;
18den ellevte var Asarel med søner og brør, tolv i talet.
19Det tolvte loddet fall på Hasjabja med søner og brør, tolv i talet;
20den trettande var Sjubael med søner og brør, tolv i talet;
21den fjortande var Mattitja med søner og brør, tolv i talet.
22Det femtande loddet fall på Jeremot med søner og brør, tolv i talet;
23det sekstande fall på Hananja med søner og brør, tolv i talet;
24det syttande fall på Josjbekasja med søner og brør, tolv i talet;
25det attande fall på Hanani med søner og brør, tolv i talet;
26det nittande fall på Malloti med søner og brør, tolv i talet;
27det tjuande fall på Eliata med søner og brør, tolv i talet;
28det tjuefyrste fall på Hotir med søner og brør, tolv i talet;
29det tjueandre fall på Giddalti med søner og brør, tolv i talet;
30det tjuetredje fall på Mahasiot med søner og brør, tolv i talet,
31og det tjuefjerde fall på Romamti-Eser med søner og brør, tolv i talet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.