1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2Menneske, vend deg mot Jerusalem, forkynn mot heilagdomen, og tal profetord mot Israels-landet!
3Sei til Israels-landet: Så seier Herren: Sjå, eg kjem over deg. Eg dreg sverdet or slira og rydjar ut både rettferdige og gudlause hjå deg.
4Fordi eg vil rydja ut både rettferdige og gudlause hjå deg, skal sverdet mitt fara ut or slira mot kvar skapning, frå sør til nord.
5Alle som lever, skal sanna at eg, Herren, har drege sverdet or slira, og det skal ikkje koma dit att.
6Men du, menneske, skal stynja, medan det knakar i hoftene. Det skal gjera så vondt at du styn beint framfor augo på dei.
7Og når dei spør deg kvifor du styn, skal du svara: Fordi det kjem melding om noko som skal henda. Då vert kvart hjarta forskræmt, og alle hender vert slappe. Motet sviktar dei alle, og knea vert som vatn. Sjå, det kjem, det skal henda! lyder ordet frå Herren Gud.
8Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
9Menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren:
Eit sverd, ja, eit sverd er kvesst og slipt,
10kvesst for å brukast til slakting,
slipt for å blinka som lyn.
– Eller skal vi gleda oss?
Ætta til son min vanvørder riset. –
11Sverdet vart gjeve til sliparen,
for at han skulle ta det i handa.
Så vart det kvesst og slipt
for å gjevast til den som skulle drepa.
12Skrik og hyl, du menneske!
For sverdet skal råka mitt folk
og alle Israels hovdingar.
Dei er overlatne til sverdet
saman med mitt folk.
Difor skal du slå deg på hofta.
13For prøvinga kjem.
Og kven skal ho råka
om ikkje dei som vanvørder riset?
lyder ordet frå Herren Gud.
14Du menneske, tal profetord
og slå i hop hendene!
Både to og tre gonger skal sverdet svingast.
Det er eit sverd som drep mange,
eit veldig sverd som gjev banesår;
det trugar dei på alle kantar.
15Dei skal missa motet,
og mange skal falla;
ved alle portane deira
set eg sverdet som høgg ned.
Å ve, det er laga for å lyna,
kvesst blankt for å slakta.
16Ver kvast og hogg
til høgre og til venstre,
dit egga di er vend.
17Då skal eg òg slå hendene saman
og stilla min harme.
Eg, Herren, har tala.
18Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
19Du menneske, merk av to vegar som babylonarkongens sverd kan fylgja. Begge vegane skal gå ut frå eitt og same landet. Og der vegen tek av til ein by, skal du setja opp ein vegvisar
20der vegane tek til, så sverdet kan fara til Rabba i ammonittlandet og til Juda, som har Jerusalem til fast by.
21Attmed vegskilet, der dei to vegane byrjar, står babylonarkongen og tek varsel. Han kastar lodd med piler, spør husgudane til råds og ser på levra av offerdyr.
23Folk synest dette er ein falsk spådom. For dei har fått heilage lovnader. Men Herren minner dei om deira skuld, som gjer at dei kjem i fangenskap.
28Du menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren Gud om ammonittane og spottorda deira:
Eit sverd er drege for å slakta,
eit sverd som er slipt for å tyna og lyna.
29Medan du får falske syner
og spådomar som er lygn,
skal sverdet rettast mot halsen
på gudlause menn som må døy.
No er deira time komen,
den tid då dei får si endelege straff.
30Stikk sverdet i slira att!
På staden der du vart til,
i landet som du er ætta frå,
der vil eg døma deg.
31Eg lèt min harme gå ut over deg
og blæs min vreideeld mot deg.
Eg gjev deg over til harde menneske,
som er meistrar til å øydeleggja.
32Du skal verta til føde for elden,
ditt blod skal renna midt i landet,
og ingen skal minnast deg meir.
Eg, Herren, har tala.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.