1Då tok Job til ords og sa:
2Gjev mitt mismod kunne vegast
og all mi ulukke leggjast på vekt!
3For no er ho tyngre enn havsens sand,
difor talar eg så tankelaust.
4Piler frå Den Allmektige sit i min kropp,
mi ånd syg i seg deira gift.
Guds redsler fylkar seg mot meg.
5Skrik vel eit villesel i grøne graset,
rautar ein okse når han har fôr?
6Kven et det som smakar flautt
fordi det ikkje er salta?
Er det smak på stokkrose-saft?
7Det byd meg imot å røra ved slikt,
det er som å eta utskjemd mat.
8Å, om mi bøn vart høyrd,
om Gud ville oppfylla mi von!
9Gjev han sette seg føre å knusa meg,
lyfte si hand og skar av min livstråd!
10Då hadde eg likevel trøyst
og kunne hoppa av glede i nådelaus pine.
For eg har ikkje fornekta orda åt Den Heilage.
11Har eg kraft til å halda ut,
har eg eit mål å sjå fram til,
så eg kan venta med tolmod?
12Er eg så sterk som stein,
har eg ein kropp av bronse?
13Nei, eg kan ikkje hjelpa meg sjølv,
og mi von om berging er ute.
14Den som ikkje vil vera god mot sin neste,
har ikkje lenger age for Den Allmektige.
15Mine brør har svikta som ein bekk,
som eit elvefar der vatnet er borte.
16Vatnet kan grumsast til av is,
og snø kan blanda seg i det.
17Men i turketida stilnar elva,
når varmen kjem, kverv ho.
18Karavanar tek ein annan veg,
dei kjem opp i øydemarka og går til grunne.
19Karavanar frå Tema såg etter vatn,
ferdafylgje frå Saba vona òg på det.
20Dei var fulle av tillit, men vart til skammar;
då dei kom fram, vart dei vonbrotne.
21Så er de for meg i dag;
de ser det som skræmer, og vert redde.
22Har eg vel sagt: «Lat meg få!
Gjev meg ei gåve av det de eig!
23Berga meg frå fiendens grep,
fria meg frå valdsmenns hand!»
24Gjev meg rettleiing, så skal eg teia,
syn meg kvar eg har fare vilt!
25Ærlege ord kan ikkje såra,
men kva hjelper det vel om de formanar?
26Tenkjer de å refsa meg for mine ord?
Ein vonlaus mann talar ut i veret.
27Kastar de lodd om foreldrelause born,
eller kjøpslår de om ein ven?
28Gjer no vel og sjå på meg!
Trur de eg lyg dykk midt opp i andletet?
29Tenk dykk om og gjer ingen urett!
Ja, tenk dykk om, for eg har enno rett.
30Er det då urett på mi tunge,
har eg ikkje sans for det som er vondt?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.