1Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med dei ugudelege?
3Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,
frikjenn dei arme og trengande,
4berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen under jorda ragar.
6Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7Men som menneske skal de døy,
som ein av fyrstane skal de falla.»
8Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.