1Så tok han til å tala til dei i likningar: «Det var ein gong ein mann som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.
2Då tida kom, sende han ein tenar til paktarane og ville få sin del av avlinga.
3Men dei greip tenaren og slo han og sende han tomhendt bort.
4Sidan sende eigaren ein annan tenar til dei; han slo dei i hovudet og spotta han.
5Då sende han endå ein, og han slo dei i hel. Såleis gjekk det med mange: Somme skamslo dei, og somme drap dei.
6No hadde han ein einaste att, son sin, som han heldt så av. Til sist sende han sonen til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for.
Den steinen bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein.
11Det er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre augo.»
12Då ville dei gjerne ha gripe han, for dei skjøna at det var dei han sikta til med likninga si. Men dei torde ikkje for folket. Difor lét dei han vera og gjekk sin veg.
Er det rett å svara skatt til keisaren?(Matt 22,15–22; Luk 20,20–26)13Sidan sende dei nokre av farisearane og herodianarane som skulle fanga han i ord. Oppstoda frå dei døde(Matt 22,23–33; Luk 20,27–38)
18Så kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:
Herren sa til min herre:
Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
under dine føter.
37Når David kallar Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?»
Jesus åtvarar mot dei skriftlærde(Luk 20,45–47)Den store folkehopen høyrde gjerne på Jesus.
38Og medan han lærte dei, sa han: «Ta dykk i vare for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå ikring i side kapper og likar at folk helsar dei på torget. Matt 23,1ff; Luk 11,43
39Dei vil sitja fremst i synagogene og ha heidersplassane i gjestebod.
40Dei slår under seg husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»
Største gåva(Luk 21,1–4)41Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje. Joh 8,20; 2 Kong 12,9
42Så kom det ei fattig enkje og la to småmyntar; det er ein øre.
43Då kalla han læresveinane til seg og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista. 2 Kor 8,12
44For dei gav alle av si overflod, men ho gav av si fattige råd, alt det ho åtte, alt det ho skulle leva av.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.