2. Kongebok 22 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kong Josjia og lovboka som vart funnen

1Josjia var åtte år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år. Mor hans heitte Jedida og var dotter til Adaja frå Boskat.

14Då gjekk presten Hilkia saman med Ahikam, Akbor, Sjafan og Asaja til Hulda, ei profetkvinne som var gift med Sjallum, son til Tikva Harkasson, han som hadde tilsyn med kleda. Hulda budde i Nybyen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne,

15og ho sa til dei:

Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg:

16Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur her, alt det som er nemnt i den boka Juda-kongen har lese.

17For dei har gått bort frå meg og ofra til andre gudar. Såleis har dei eggja meg til harme med det dei har gjort. Harmen min logar mot denne staden, og han skal ikkje slokna.

18Men til Juda-kongen, som har sendt dykk for å spørja Herren til råds, skal de seia: Så seier Herren, Israels Gud: Du har no høyrt desse orda.

19Og du vart mjuk i hugen og bøygde deg for Herren då du høyrde kva eg tala mot denne staden og mot dei som bur her: at dei skal verta til skræmsle og forbanning. Og fordi du reiv sund kleda dine og gret for mitt åsyn, så har eg òg høyrt, lyder ordet frå Herren.

20Difor vil eg la deg fara til fedrane dine. I fred skal du samlast med dei i grava. Du skal sleppa å sjå all den ulukka som eg fører over denne staden.

Med dette svaret kom dei heim att til kongen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help