Habakkuk 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Den rettferdige og fienden

1No vil eg stå på vakt,

stella meg på post og speida

og sjå kva han vil tala til meg,

kva han vil svara på mitt klagemål.

2Då gav Herren meg dette svaret:

Skriv synet opp,

rita det inn på tavler,

så folk kan lesa det lett!

3For synet ventar på si tid,

det jagar mot enden og slår ikkje feil.

Og om det dryer, så venta berre!

Det kjem for visst, det vert ikkje borte.

4Sjå, frekk og uærleg er han.

Men den rettferdige skal leva ved si tru.

5Rikdomen skal svikta den stolte,

han skal ikkje nå sitt mål.

Som dødsriket spilar han opp sitt gap,

umettande er han som døden.

Han sopar til seg alle folk

og samlar folkeslaga til seg. Ve valdsmannen!

6Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, ein song full av spottord og seia:

«Ve den som samlar det andre eig

– kor lenge? –

som sopar til seg pantegods!»

7Dine kravsmenn reiser seg brått,

dei som vil pressa deg, vaknar.

Då skal du verta eit rov for dei,

8fordi du har plyndra mange folk.

Alle andre folk skal plyndra deg

fordi du tok menneskeblod,

gjorde vald mot landet,

mot byen og alle som bur der.

9Ve den som samlar urett vinning i sitt hus,

fordi han vil leggja reiret sitt høgt

og berga seg frå ulukkehanda!

10Du har lagt planar til skam for ditt hus

og gjort ende på mange folk;

du har forbrote ditt liv.

11For steinen i muren skal ropa

og bjelken i treverket svara.

12Ve den som byggjer ein by med bloddåd

og reiser ei borg med urett

13– kjem ikkje dette frå Herren, Allhærs Gud? –

så folka må streva for elden

og folkeslaga slita for inkje!

14For jorda skal fyllast

med kunnskap om Herrens herlegdom,

liksom vatnet dekkjer havsens botn.

15Ve den som skjenker sin neste,

som blandar gift i drikken,

ja, gjer han drukken,

så han kan sjå hans nakne kropp.

16Du vert mett av skam og ikkje av ære.

Så drikk du òg, og rag ikring!

Staupet i Herrens høgre hand

skal koma til deg,

og di ære skal gøymast av skam.

17Di valdsferd mot Libanon

skal koma over deg sjølv.

Du skal knusast

fordi du mishandla dyr,

fordi du rende ut menneskeblod

og gjorde vald mot landet,

mot byen og alle som bur der.

18Kva gagnar eit gudebilete,

om det er skore av ein meister?

Kva gagnar eit støypt bilete,

som gjev falske svar,

om meisteren lit på sitt verk,

dei mållause gudane han har laga?

19Ve den som seier til stokken: «Vakna!»

– til ein mållaus stein: «Stå opp!»

Skulle han gje rettleiing?

Visst er han kledd i gull og sølv,

men ånd er det ikkje i han.

20Herren er i sitt heilage tempel;

ver still for han, all jorda!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help