1Til korleiaren. Ein song. Ein salme.
Lat hyllingsrop lyda for Gud, all jorda,
2og syng om hans herlege namn!
Lovsyng Guds herlegdom
3og sei til han:
«Kor agelege dine gjerningar er!»
Di makt er så stor
at dine fiendar kryp for deg.
4Heile jorda skal bøya seg og tilbe deg,
dei skal spela for deg og prisa ditt namn. Sela
5Kom og sjå Guds gjerningar!
Ageleg er han
når han gjer sitt verk mellom menneska.
6Han gjorde sjøen til turt land,
gjennom elva gjekk dei til fots.
Lat oss gleda oss i han!
7Han rår med velde til evig tid
og held auga med folkeslag;
dei som vil opprør, reiser seg ikkje.
8Pris vår Gud, de folkeætter,
lat lovsongen ljoma for han,
9han som held oss i live
og ikkje lèt vår fot vera ustø.
10For du har sett oss på prøve, Gud,
og reinsa oss, som dei reinsar sølv.
11Du lét oss gå i garnet
og la ei bør på våre hofter.
12Du lét menneske fara fram over våre hovud,
vi laut gå gjennom eld og vatn.
Men du førte oss ut og gav oss overflod.
13Eg kjem med brennoffer til ditt hus,
eg vil halda mine lovnader til deg,
14dei lovnader som kom over mine lipper,
og som eg gav då eg var i naud.
15Eg gjev deg gjøfe til brennoffer
og lèt røyken av verar stiga opp til deg;
eg ofrar både oksar og bukkar. Sela
16Kom hit og høyr,
alle de som har age for Gud,
så skal eg fortelja
kva han har gjort mot meg.
17Frå min munn steig ropet til han,
og på mi tunge var det lovsong.
18Hadde eg hatt urett i tankar,
ville Herren ikkje ha høyrt meg.
19Men Gud har sanneleg høyrt!
Han lydde på mitt bønerop.
20Lova vere Gud,
som ikkje sa nei til mi bøn
og ikkje tok si miskunn frå meg!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.