1Ammonitten Nakasj gjorde ei hærferd og kringsette Jabesj i Gilead. Då sa Jabesj-buane til han: «Gjer ei pakt med oss, så skal vi gje oss under deg.»
2Men ammonitten Nakasj svara: «Eg skal gjera ei pakt med dykk på den måten at eg stikk ut høgre auga på kvar av dykk, til vanære for heile Israel.»
3Då sa dei eldste i Jabesj til han: «Gjev oss ein frist på sju dagar, så vi kan senda bod rundt om i heile Israel. Er det då ingen som hjelper oss, skal vi gje oss over til deg.»
4Då sendemennene kom til Sauls Gibea og bar fram ærendet sitt for folket, sette heile folket i å gråta.
5I same stunda kom Saul heim frå åkeren og dreiv oksane føre seg. Han spurde kva som var i vegen med folket, sidan dei gret. Dei fortalde han kva mennene frå Jabesj hadde sagt.
6Då Saul høyrde det, kom Guds Ande over han, og han vart brennande harm. Dom 3,10+
7Han tok to oksar, hogg dei sund og sende stykka kring i heile Israel med bodberarar som skulle seia: «Så skal dei gjera med oksane åt den som ikkje fylgjer Saul og Samuel i striden.» Då kom det ei redsle frå Herren over folket, og dei drog ut, alle som ein.
8Han mønstra dei ved Besek. Det var 300 000 israelittar og 30 000 judearar.
9Så sa dei til bodberarane som var komne: «Sei til folket i Jabesj i Gilead: I morgon når sola tek til å heta, skal det koma hjelp til dykk.» Då bodberarane kom og fortalde Jabesj-buane dette, vart dei glade.
10Og dei sa til Nakasj: «I morgon skal vi gje oss over til dykk, så kan de gjera med oss som de synest.»
11Dagen etter delte Saul folket i tre flokkar, og i morgonvakta braut dei inn i leiren og hogg ned ammonittane; dei heldt ikkje opp før midt på heitaste dagen. Dei som slapp unna, vart spreidde; det var ikkje att to mann på same staden.
12Då sa folket til Samuel: «Kven var det som sa: Skal Saul vera konge over oss? Hit med karane, så vi kan få drepa dei!» 10,27
13Men Saul sa: «På denne dagen skal ingen lata livet; for i dag har Herren gjeve Israel siger.» 14,45; 2 Sam 19,22f
14Og Samuel sa til folket: «Kom, lat oss fara til Gilgal og stadfesta kongedømet der!»
15Så fór alt folket til Gilgal, og der gjorde dei Saul til konge for Herrens åsyn. Dei bar fram måltidsoffer for Herrens åsyn, og Saul og alle israelittane gledde seg storleg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.