Dommarane 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Debora og Barak

1Då Ehud var borte, gjorde israelittane atter det som vondt var i Herrens augo.

4På den tid var Debora, kona til Lappidot, domar i Israel. Ho var ei profetkvinne

5og sat ofte under det palmetreet som vart heitande Debora-palma, mellom Rama og Betel i Efraims-fjella. Og israelittane kom til henne for å få dom i rettssaker.

6Debora sende bod etter Barak, son til Abinoam, frå Kedesj i Naftali-landet og sa til han: «Høyr kva Herren, Israels Gud, seier til deg: Ta ut og gå opp på Tabor-fjellet! Og ha med deg ti tusen mann av Naftali- og Sebulons-sønene!

12Då Sisera fekk spurt at Barak Abinoamsson var faren opp på Tabor-fjellet,

13samla han alle vognene sine, ni hundre jernvogner, og alt det folket han hadde, og førte dei frå Harosjet-Haggojim til Kisjon-bekken.

14Då sa Debora til Barak: «Kom no! For i dag vil Herren gje Sisera i dine hender. Herren går føre deg i striden.» Så fór Barak ned frå Tabor-fjellet, og ti tusen mann var med han.

15Herren sette støkk i Sisera og gjorde at stridsvognene og heile hæren hans kom i røre, så dei ikkje kunne stå seg for Barak. Då sprang Sisera ned av vogna og rømde til fots. Jos 10,10

16Men Barak sette etter vognene og hæren radt til Harosjet-Haggojim, og heile hæren til Sisera fall i striden. Det vart ikkje att ein einaste mann.

17Sisera sjølv rømde og kom til teltet åt Jael, kona til kenitten Heber. For det rådde fred mellom Jabin, kongen i Hasor, og ætta til Heber.

18Jael gjekk ut imot Sisera og sa: «Kom inn, herre, kom inn til meg! Du treng ikkje vera redd!» Då gjekk han inn i teltet til henne, og ho gøymde han under eit åkle.

19Så sa han: «Kjære deg, gjev meg litt vatn! Eg er så tyrst.» Ho opna ei mjølkeflaske, lét han få drikka og breidde på han att. 5,25

20Då sa han til henne: «Stå i teltdøra, og kjem det einkvan og spør om det er nokon her, så svar: Nei!»

21Då tok Jael, kona til Heber, ein teltplugg og gjekk stilt inn til Sisera med ein hamar i handa. Og medan han, trøytt som han var, låg i djupaste svevnen, slo ho teltpluggen gjennom tinningen hans, så han gjekk ned i jorda. Såleis døydde Sisera.

22I same belet kom Barak, som forfylgde Sisera. Jael gjekk ut imot han og sa: «Kom, så skal eg syna deg den mannen du leitar etter.» Han gjekk med henne inn, og då fekk han sjå Sisera liggja der livlaus med teltpluggen gjennom tinningen.

23Den dagen bøygde Gud Jabin, kanaanearkongen, i kne for israelittane.

24Og herredømet deira vart meir og meir tyngjande for Jabin, til dei reint gjorde ende på han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help