1. Johannes 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Sjå kor stor kjærleik Faderen har synt oss: Vi skal kallast Guds born. Og det er vi. Difor kjenner ikkje verda oss, fordi ho ikkje kjenner han. Kven er Guds born?

4Den som syndar, bryt lova, for synd er lovbrot.

5Og de veit at han openberra seg for å ta bort syndene våre, han som sjølv er utan synd.

7Mine born, lat ingen føra dykk vilt! Den som lever rett, han er rettferdig, liksom Kristus er rettferdig.

11For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre.

13De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk.

17Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?Frimod for Gud

18Mine born, lat oss elska, ikkje med tome ord, men i gjerning og sanning!

19På dette skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa hjarto våre for hans åsyn.

20For jamvel om hjarta vårt fordømer oss, er Gud større enn hjarta og veit alt.

21De kjære, dersom hjarta vårt ikkje fordømer oss, har vi frimod for Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help