Esekiel 47 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Livsens elv

1Mannen førte meg attende til tempelinngangen. Og sjå, det rann vatn fram under dørstokken på austsida av huset. For framsida på templet vender mot aust. Vatnet rann ned på sørsida av templet, sør for altaret.

9Alle levande skapningar som det kryr av, skal få leva alle stader der denne elva renn. Det skal verta ei mengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, vert vatnet i sjøen friskt, så alt kan leva der elva renn ut.

10Det skal stå fiskarar langsmed sjøen frå En-Gedi til En-Eglajim; og der skal dei turka garna sine. Fisk av ulike slag skal finnast der og i slike mengder som i Storhavet.

11Men myrane og sumpane skal ikkje verta friske; av dei skal det vinnast ut salt.

12På begge elvebreddene skal det veksa alle slag frukttre. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen. Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom.»Dei nye landegrensene

13Så seier Herren Gud: Dette er dei grensene de skal ha når de deler landet mellom dei tolv Israels-ættene. Josef skal ha to luter.

15Dette er landegrensa: I nord skal ho gå frå Storhavet bort imot Hetlon, til Lebo-Hamat og Sedad,

16så til Berota og Sibrajim, som ligg ved grensa mellom Damaskus-landet og Hamat-landet, og til Hasar-Enon ved grensa mot Havran.

17Såleis skal grensa gå frå havet til Hasar-Enon ved grensa mot Damaskus og Hamat i nord. Dette er nordsida.

18På austsida er Jordan grensa mellom Havran og Damaskus og mellom Gilead og Israels-landet heilt til sjøen i aust, ned til Tamar. Dette er austsida.

19På sørsida skal grensa gå frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj og så til Egyptarbekken og Storhavet. Dette er sørsida. 4 Mos 20,13; 34,5; Esek 48,28

20På vestsida skal Storhavet vera grensa, til ein kjem på høgd med Lebo-Hamat. Dette er vestsida.

21Dette landet skal de dela mellom dykk, mellom Israels-ættene.

22De skal skifta det ut til odel for dykk sjølve og for innflyttarane som held til hjå dykk og har fått born der. Dei skal ha same rettane som innfødde israelittar. Saman med dykk skal dei få odel midt imellom Israels-ættene. 3 Mos 19,34; 4 Mos 26,55; Jos 14,2

23I den ætta der ein innflyttar bur, skal de la han få sin odel, lyder ordet frå Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help