1I det trettiande året, den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, hende det at himmelen opna seg, og eg fekk sjå syner frå Gud.
2Den femte dagen i månaden – det var i det femte året etter at kong Jojakin var bortført –
4Eg hadde eit syn, og sjå, eit stormver kom frå nord. Det var ei stor sky med logande eld. Det stråla og skein ikring henne, og inne i elden blinka det som av skinande metall.
19Når skapningane gjekk, gjekk hjula attmed dei, og når skapningane lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg òg.
20Dei gjekk nett dit ånda ville. Og hjula lyfte seg saman med dei, for ånda åt skapningane var i hjula.
21Dei gjekk når skapningane gjekk, og stod når dei stod. Og når dei lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg saman med dei; for ånda åt skapningane var i hjula.
22Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Det var som krystall, skræmeleg å sjå til, utspent høgt over hovuda på dei.
23Under kvelven rette vengene seg ut, så dei nådde bortåt kvarandre. Kvar skapning hadde òg to venger som dei løynde kroppen med.
24Når dei gjekk, høyrde eg lyden av vengene deira. Det var som duren av store vassmengder, som røysta åt Den Allmektige, som ståket frå ein leir. Men når dei stogga, lét dei vengene siga.
25Det lydde eit drøn over kvelven som var over hovudet deira. Men når dei stogga, lét dei vengene siga.
26Høgt oppe over denne kvelven var det noko som likna safirstein. Det var på skap som ein tronstol, og på denne stolen sat det ein skapnad; han var som eit menneske å sjå til.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.