1Dette er det ordet som kom til Jeremia om alle judearane som budde i Egypt, i Migdol, Takpanhes, Nof og Patros:
2Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: De har sjølve sett all den ulukka eg lét koma over Jerusalem og alle byane i Juda. I dag ligg dei aude, og ingen bur i dei.
3For dei harma meg med det vonde dei gjorde då dei gjekk bort og brende offer og dyrka andre gudar, som korkje dei eller de eller fedrane dykkar hadde kjent.
4Gong på gong sende eg til dykk alle tenarane mine, profetane. Dei skulle seia: «Far ikkje med denne styggedomen som eg hatar!»
18Men sidan vi heldt opp med å ofra til Himmeldronninga og renna ut drikkoffer for henne, har det skorta på alt; sverd og svolt gjer ende på oss.»
19Og kvinnene sa: «Når vi ofrar til Himmeldronninga og renner ut drikkoffer for henne, er det vel ikkje utan våre menns vitende og vilje vi lagar offerkaker i hennar eige bilete og renner ut drikkoffer for henne?»
20Då sa Jeremia til alt folket, til mennene og kvinnene, alle som hadde teke til motmæle mot han:
21Herren kom i hug dei ofringane de dreiv på med i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, både de og fedrane dykkar, kongane og stormennene dykkar og folket i landet, og det gjekk Herren til hjarta.
22Han kunne ikkje lenger tola at de bar dykk så ille åt og fór med slik styggedom. Difor vart landet dykkar ei audn, ei øydemark og ei forbanning, så ingen kunne bu der, så som det er i dag.
23Fordi de ofra og såleis synda mot Herren, fordi de ikkje ville høyra på han og ikkje fylgde hans lov og føreskrifter og bod, har denne ulukka kome over dykk, som ein kan sjå det i dag.
24Sidan sa Jeremia til alt folket og til alle kvinnene: Høyr Herrens ord, alle de judearar som er i Egypt!
25Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: De og kvinnene dykkar har lova med ord og fullført i gjerning det som de sa: «Vi vil halda dei heilage lovnadene vi har gjeve om å ofra til Himmeldronninga og renna ut drikkoffer for henne.» Ja, hald berre lovnadene dykkar, og gjer som de har lova!
26Men høyr då Herrens ord, alle de judearar som bur i Egypt: Eg har svore ved mitt store namn, seier Herren: I heile Egypt skal det ikkje vera att ein einaste judear som kan ta namnet mitt i sin munn og seia: «Så sant Herren vår Gud lever!»
27Sjå, eg vaker over dei og vil senda ulukke og ikkje lukke. Kvar einaste judear i Egypt skal koma ut for sverd og svolt, til det er ute med dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.