Apostelgjerningane 10 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Peter og Kornelius

1I Cæsarea budde det ein mann som heitte Kornelius; han var offiser i den hæravdelinga som vart kalla Den italiske.

2Han var ein from mann, og både han og huslyden hans høyrde til dei som trudde på Israels Gud. Han gav mange sælebotsgåver til folket og bad alltid til Gud.

3Ein dag ikring den niande timen hadde han eit syn. Han såg tydeleg at ein engel frå Gud kom inn til han og sa: «Kornelius!»

4Kornelius stokk til, såg fast på han og sa: «Kva vil du, herre?» Engelen svara: «Bønene og gåvene dine har stige opp til Gud og mint han om deg.

5Send no folk til Jaffa og hent ein mann som heiter Simon og har tilnamnet Peter.

6Han bur hjå ein garvar som heiter Simon og har eit hus nedmed sjøen.»

44Medan Peter endå tala, fall Den Heilage Ande på alle dei som høyrde Ordet.

45Dei truande jødane som var komne dit saman med Peter, undra seg storleg over at Den Heilage Andens gåve var utrend over heidningane òg.

46For dei høyrde at dei tala i tunger og lova Gud. Då sa Peter: 2,4

47«Desse har fått Den Heilage Ande nett som vi. Kan då nokon nekta dei vatnet og hindra at dei vert døypte?» 8,36

48Og han baud at dei skulle døypast i Jesu Kristi namn. Så bad dei han vera der nokre dagar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help