Efesarane 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Frå død til liv

1De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar.

4Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, Kristus sameinar heidningar og jødar

11De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. Jes 9,6; Luk 2,14; Kol 1,20

15Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. 2 Kor 5,17; Kol 2,14

16I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. 2 Kor 5,18; Kol 1,20.22

17Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. Jes 57,19

18Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. Rom 5,2+

19Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til.

20De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. Matt 16,18; 21,42+

21Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, 1 Kor 3,16+; 1 Tim 3,15

22og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help