1Så sa Agrippa til Paulus: «Du kan få lov til å svara for deg.» Paulus lyfte handa og tok til med forsvaret:
2Eg held det for ei lukke at det er framfor deg, kong Agrippa, eg i dag skal forsvara meg mot alt det som jødar skuldar meg for,
3sidan du kjenner så vel alle skikkar og stridsspørsmål hjå jødane. Difor bed eg deg at du vil høyra på meg med tolmod.
4Heilt frå barndomen har eg butt mellom folket mitt og i Jerusalem, og alle jødar kjenner til korleis livet mitt har vore.
5Difor veit dei òg, om dei berre vil seia det, at eg frå fyrste stund har levt som farisear og vore av dei som tok det strengast med religionen vår.
19Difor, kong Agrippa, har eg ikkje vore ulydig mot det himmelske synet.
24Då han kom til desse orda i forsvarstalen, ropa Festus høgt: «Du er frå sans og samling, Paulus! Den store lærdomen din fører deg bort i vitløyse!»
25Men Paulus svara: «Eg er ikkje frå vitet, vørde Festus; alt det eg seier, er sant og vel gjennomtenkt.
26Kongen kjenner til desse tinga; difor talar eg så frihuga til han. Eg kan ikkje tru at noko av dette er ukjent for han; det har då ikkje gått føre seg i ein avkrok.
27Trur du profetane, kong Agrippa? Eg veit at du trur.»
28Då sa Agrippa til Paulus: «Det vantar lite på at du får overtalt meg til å verta ein kristen.»
29Paulus svara: «Mitt ynske til Gud er at både du og alle som høyrer meg i dag, no eller seinare må verta som eg, men utan desse lekkjene.»
30Så reiste dei seg, både kongen og landshovdingen og Berenike og dei andre som sat der.
31Og medan dei gjekk ut, tala dei med kvarandre og sa: «Den mannen har ikkje gjort noko som han bør lata livet eller sitja i fengsel for.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.