1Set i og ropa! Finst det nokon som svarar?
Kven av dei heilage vender du deg til?
2Mismod tek livet av dåren,
harme drep den godtrune.
3Eg såg ein dåre som slo rot,
men brått laut eg forbanna hans bustad.
4Borna hans var hjelpelause,
knuste i porten, utan bergingsmann.
5Dei svoltne åt opp det han avla,
dei tok det jamvel mellom klunger,
og dei tyrste greip etter godset hans.
6Nei, ulukke veks ikkje opp or molda,
og møde gror ikkje fram av jorda.
7Men mennesket er født til møde
liksom gneistar flyg høgt i veret.
8Men eg, eg ville venda meg til Gud
og leggja mi sak i hans hand.
9Han gjer storverk som ingen kan granska,
og under som ingen kan telja.
10Han lèt det regna på jorda,
sender vatn over åker og eng.
11Han reiser opp folk frå ringe kår,
lyfter og bergar dei som syrgjer.
12Han gjer planane åt dei kloke til inkjes,
så deira gjerning ikkje lukkast.
13Han fangar dei vise i deira klokskap,
dei listige er for snare til å leggja planar.
14Om dagen støyter dei på mørker,
middagstider trivlar dei som om natta.
15Dei fattige bergar han frå kvasse sverd,
ut or hendene på dei sterke.
16Då er det von for småkårsfolk,
vondskap må lata att sin munn.
17Ja, sæl er den som får refsing av Gud,
tukt frå Den Allmektige skal du ikkje vanvørda.
18For om han sårar, fetlar han òg;
og slår han, lækjer han med si hand.
19Seks gonger bergar han deg frå trengsle,
den sjuande skal ulukka ikkje nå deg.
20I hungersnaud friar han deg frå døden,
i krig frå det kvasse sverdet.
21Bitande tunger skal ikkje nå deg,
du treng ikkje reddast når ulukka kjem.
22Du kan le åt herjing og hunger
og treng ikkje reddast for villdyra i landet.
23For du har pakt med steinane på marka,
og villdyra held fred med deg.
24Du merkar at teltet ditt står trygt,
du ser over din bustad, og ingenting vantar.
25Du får sjå at ætta di aukar,
at dine ætlingar vert talrike som plantene på jorda.
26I fullmogen alder skal du gå i grav,
som kornband vert samla i rette tid.
27Ja, dette har vi granska, og så er det.
Det skal du høyra og merka deg!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.