1Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2Herre, eg flyr til deg,
lat meg aldri verta til skammar!
Frels meg i di rettferd!
3Vend øyra til og høyr meg,
skunda deg og fri meg ut!
Ver eit fjell der eg finn vern,
ei festning til mi frelse!
4Du er då mitt berg og mi borg;
for ditt namn skuld fører og leier du meg.
5Løys meg or garnet dei sette for meg!
For du er mitt vern.
6I dine hender gjev eg mi ånd;
du løyser meg ut,
Herre, du trufaste Gud.
7Eg hatar dei som dyrkar
falske og kraftlause gudar.
Til Herren set eg mi lit.
8Eg vil gleda og fagna meg
over din truskap,
for du har sett mi naud
og teke deg av meg i mi trengsle.
9Du gav meg ikkje i fiendehand,
men lét meg ferdast i ope lende.
10Ver meg nådig, Herre,
for eg er i naud.
Mitt auga sløvest av bitter sorg,
ja, mi sjel og min lekam òg.
11Livet mitt kverv i sut,
åra går med sukk.
Min styrke sviktar på grunn av mi skuld,
og beina i kroppen veiknar.
12Eg vert til spott for mine fiendar,
til hån for alle mine grannar.
For dei som kjenner meg, er eg ei gru,
på gata går folk av vegen for meg.
13Som ein død er eg gløymd og ute or tankar,
eg er som eit sundslege kjerald.
14Eg høyrer mange som kviskrar
– å, redsle på alle kantar! –
når dei samrår seg mot meg
og tenkjer på å ta mitt liv.
15Men eg set mi lit til deg, Herre;
eg seier: «Du er min Gud.»
16I di hand er mine tider;
fri meg frå fiendar som jagar meg!
17Lat ditt andlet lysa over din tenar,
frels meg i din truskap!
18Lat meg ikkje verta til skammar, Herre,
for eg ropar til deg!
Lat dei gudlause verta til skammar
og tagale fara til dødsriket!
19Lat lygnlippene verta mållause,
dei som med hovmod og vanvørdnad
talar frekt mot dei rettvise.
20Herre, kor mykje godt
du har etla dei som ottast deg,
og vist mot dei som flyr til deg
midt for augo på menneska.
21Du løyner dei i livd av ditt åsyn
for menneske som fer med svik og list;
du gøymer dei i di hytte
mot åtak av vonde tunger.
22Lova vere Herren, som på underfull vis
synte meg truskap i ein kringsett by.
23Eg tenkte i min angst:
«Eg er bortstøytt frå dine augo.»
Men du høyrde mi inderlege bøn,
då eg ropa til deg om hjelp.
24Elska Herren, alle hans trugne!
Herren vernar dei trufaste,
men dei som fer fram i hovmod,
gjev han att i fullt mål.
25Ver sterke og frimodige,
alle de som ventar på Herren!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.