1Av David.
Mi sjel, lov Herren!
Ja, alt som i meg er,
skal lova hans heilage namn.
2Mi sjel, lov Herren,
gløym ikkje alle hans velgjerningar!
3Han tilgjev all di skuld
og lækjer all din sjukdom.
4Han friar ditt liv frå grava
og kronar deg med godleik og miskunn.
5Han fyller ditt liv med det som godt er,
og gjer deg ung att som ørna.
6Herren grip inn og frelser,
lèt alle som er trælka, få sin rett.
7Han kunngjorde sine vegar for Moses,
sine gjerningar for Israels folk.
8Mild og nådig er Herren,
langmodig og rik på miskunn.
9Han kjem ikkje alltid med klagemål
og er ikkje evig harm.
10Han gjer ikkje med oss etter våre synder
og løner oss ikkje etter våre misgjerningar.
11Så høg som himmelen er over jorda,
så stor er Herrens nåde
over dei som ottast han.
12Så langt som aust er frå vest,
så langt tek han våre synder bort frå oss.
13Som ein far er miskunnsam mot borna sine,
er Herren miskunnsam
mot dei som ottast han.
14For han veit korleis vi er skapte,
han kjem i hug at vi er støv.
15Menneskelivet er som graset.
Mennesket er som blomen på marka.
16Når vinden fer framom, er han borte,
staden han stod på, veit ikkje meir av han.
17Frå æve til æve er Herrens miskunn
over dei som ottast han.
Hans rettferd når til barneborn
18når fedrane held hans pakt
og kjem i hug hans bod,
så dei lever etter dei.
19Herren har reist sin kongsstol i himmelen,
han rår som konge over alle ting.
20Lov Herren, de hans englar,
de sterke heltar, som set hans ord i verk,
så snart de høyrer hans røyst.
21Lov Herren, alle hans hærskarar,
de hans tenarar, som gjer hans vilje!
22Lov Herren, heile hans skaparverk,
på alle stader der han rår!
Mi sjel, lov Herren!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.