1Hanna bad og sa:
Mitt hjarta frydar seg i Herren,
Herren gjev meg stor kraft.
No kan eg le åt mine fiendar,
for eg gleder meg over di frelse.
2Ingen er heilag som Herren,
for ingen er til utan du,
og det finst ikkje fjell som vår Gud.
3Slutt med kyt og kaute ord,
hald opp med all den frekke talen!
For Herren er ein Gud som allting veit,
han prøver kvar ei gjerning.
4Stridsmenns bogar vert brotne;
men dei trøytte bur seg med kraft.
5Dei mette må tena for brødet,
og dei svoltne svelt ikkje meir.
Barnlaus kvinne får sju søner,
den barnerike visnar bort.
6Herren tek liv og gjev liv,
han sender menneske til dødsriket
og kan føra dei opp derifrå.
7Herren gjer fattig, og han gjer rik,
han fornedrar, og han opphøgjer.
8Han reiser småkårsfolk or støvet,
lyfter den fattige or oska,
sessar han saman med stormenn
og gjev han eit ærefullt sete.
For søylene under jorda høyrer Herren til,
han bygde jorderiket på dei.
9Han vernar sine trugne på vegen,
men dei gudlause forgår i mørkret.
For ingen er sterk i eiga kraft.
10Dei som strider mot Herren, går til grunne.
Han lèt det torna over dei frå himmelen,
Herren dømer den vide jord.
Måtte han gje sin konge styrke
og sin salvevigde stor kraft!
11Så fór Elkana heim att til Rama. Men guten vart verande der og gjorde teneste for Herren, og Eli, overpresten, hadde tilsyn med han.Eli-sønene syndar
12Sønene til Eli var gudlause menn. Dei kjende ikkje Herren
13og brydde seg ikkje om kva prestane hadde rett til å krevja av folket. Når nokon bar fram eit slaktoffer, kom prestens tenar medan dei koka kjøtet. Han hadde med seg ein tretinda gaffel. Eli-ætta vert vraka
27Det kom ein gudsmann til Eli og sa til han: Så seier Herren: Eg openberra meg for farsætta di då ho var i Egypt og laut træla for farao og mennene hans.
28Og eg valde henne ut mellom alle Israels ætter til å gjera presteteneste for meg, til å ofra på altaret mitt, brenna røykjelse og bera presteklede for mitt åsyn. Og eg gav farsætta di retten til alle eldoffera frå israelittane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.