1Herrens ord kom til meg i det niande året, den tiande dagen i den tiande månaden, og det lydde så:
Så seier Herren Gud:
Set gryta over! Set henne over
og slå vatn oppi!
4Legg kjøtstykke nedi,
berre gode stykke av lår og bog;
fyll gryta med utvalde knokar!
5Ta av dei finaste sauene!
Gjer så opp eld under gryta!
Du skal koka kjøtstykka i henne,
jamvel knokane skal du koka.
6Så seier Herren Gud:
Ve den blodige byen,
gryta som har rusta,
og som rustet ikkje går av.
Ta stykke for stykke ut or henne,
utan at nokon kastar lodd om dei.
7For det vart utrent blod der i byen.
Dei lét det renna på nakne berget
og slo det ikkje ut på bakken,
så molda kunne dekkja det.
8For å gje harmen fritt løp,
for å kunna ta hemn
lét eg blodet renna på nakne berget,
så det ikkje skulle dekkjast til.
9Difor seier Herren Gud:
Ve den blodige byen!
Eg òg gjer bålet stort.
10Ta mykje ved og kveik opp eld!
Kok kjøtet møyrt, og slå suppa ut,
så beina vert brende.
11Lat gryta stå tom på glørne,
lat henne verta så varm at koparen gløder.
Så skal ureinskapen smeltast ut or henne
og rustet verta borte.
12Det har kosta strev og møde.
Men elden tek ikkje bort alt rustet.
13Fordi du vart urein ved di skjemdarferd,
og ikkje vart kvitt din ureinskap
endå eg ville reinsa deg,
så skal du ikkje verta rein att
før eg får stilt min harme på deg.
14Eg, Herren, har tala, og det skal henda;
eg lèt ikkje vera å gjera det.
Eg sparer ingen og angrar ikkje.
Etter di ferd og dine gjerningar
skal dei døma deg,
seier Herren Gud.
Profetens sorg, eit teikn for folket15Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
16Menneske, sjå, med ein brå død tek eg frå deg den som dine augo har hugnad i. Men du skal ikkje klaga og gråta og ikkje fella tårer.
17Du skal berre sukka i stilla og ikkje halda syrgjehøgtid. Bind turbanen på deg og ta skor på føtene! Dekk ikkje til skjegget, og et ikkje syrgjebrød!
18Om morgonen tala eg til folket, og om kvelden døydde kona mi. Morgonen etter gjorde eg som eg var føresagd.
19Då sa folket til meg: «Vil du ikkje seia oss kvifor du gjer dette?»
20Eg svara: Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
21Sei til Israels-ætta: Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil vanhelga heilagdomen min, det stolte vernet som de ser med glede, og som de lengtar etter. Sønene og døtrene dykkar, som de lét vera att, skal falla for sverd.
22Då skal de gjera som eg har gjort: De skal ikkje dekkja til skjegget og ikkje eta syrgjebrød.
23Bind turbanen om hovudet og ta skor på føtene! De må ikkje klaga og gråta. Men de skal visna bort i dykkar synder og stynja med kvarandre.
25Og du, menneske, den dagen eg tek frå dei deira vern, deira herlege fryd, det dei ser med glede, og det dei lengtar etter, sønene og døtrene deira,
26den dagen skal dei som slepp unna, koma til deg og fortelja om det.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.