Job 28 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kvar kjem visdomen frå?

1Det finst gruver der det er sølv,

og stader der dei vaskar ut gull.

2Jern hentar dei fram or jorda,

og kopar smeltar dei ut or malmen.

3Menneska bryt igjennom mørkret;

inst i krokane leitar dei opp

stein som ligg i svarte mørkret.

4Arbeidarar frå framande land grev sjakter.

Gløymde av folk og utan fotfeste

heng dei og dinglar i reip

langt borte frå menneske.

5Jorda gjev brødkorn;

men djupt der nede

vert ho omsnudd med eld.

6I steinen er det safir,

og der finst det gullklumpar òg.

7Ingen rovfugl kjenner vegen dit,

den har inkje falkeauga sett.

8Der har korkje stolte rovdyr gått

eller løveungar sett sin fot.

9Folk legg hand på den harde steinen

og grev fjella om frå grunnen.

10Når dei høgg ut gangar i berget,

får dei auga på alle slag dyre ting.

11Dei demmer for dropet frå vassårene

og hentar løynde skattar fram i dagen.

12Men visdomen, kvar finst vel han,

og vitet, kvar har det sin bustad?

13Ingen veit kva han er verd,

han finst ikkje i landet åt dei levande.

14Djupet seier: «I meg er han ikkje,»

havet seier: «Han er ikkje her.»

15Ein kan ikkje få han for det finaste gull,

prisen kan ikkje betalast med sølv;

16han kan ikkje kjøpast for Ofir-gull,

for dyr karneol og safir.

17Korkje gull eller glas kan liknast med han,

og ingen kan byta han til seg

for kar av det finaste gull.

18Korallar og bergkrystall

kan ikkje nemnast attåt han;

å eiga visdom er betre enn perler.

19Krysolitt frå Nubia kan ikkje liknast med han,

han kan ikkje betalast med reint gull.

20Kvar kjem då visdomen frå,

og kvar har vitet sin bustad?

21Han er usynleg for alle som lever

og løynd for fuglane under himmelen.

22Undergangsstaden og døden seier:

«Vi har berre høyrt ei tidend om han.»

23Men Gud kjenner vegen til visdomen,

han veit kvar han har sin bustad.

24Hans auga når til heimsens endar,

alt under himmelen ser han.

25Då han gav vinden styrke

og lét vatnet få det rette mål,

26då han sette ei lov for regnet

og gjorde veg for toreskya,

27då såg han visdomen og mælte han,

han lét han stå fram og granska han.

28Og han sa til mennesket:

Å ottast Herren, det er visdom,

å halda seg frå vondskap, det er vit.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help