1Ei bøn. Av David.
Lyd etter, Herre, du rettferdige Gud,
høyr mitt rop og merk mi bøn
frå lipper som er utan svik.
2Lat meg frikjennast ved din dom!
Dine augo ser då kva som er rett.
3Om du prøver mitt hjarta
og granskar det om natta,
ja, om du prøver meg med eld,
finn du ikkje noko skamleg hjå meg.
Eg synda ikkje med min munn,
4så som mange menneske gjer.
Etter det ordet du har tala,
heldt eg meg borte frå røvarstigar.
5Eg fylgde i dine fotefar
og gjekk med faste steg.
6Eg ropar til deg, for du svarar meg, Gud.
Vend øyra til meg og høyr mine ord!
7Syn din godleik i underfull gjerning!
Du frelser dei som flyr frå fiendar
og søkjer livd ved di høgre hand.
8Vakta meg som din augnestein,
gøym meg i skuggen av dine venger
9for dei gudlause som går imot meg,
for dødsfiendar som omringar meg.
10Dei har late att sitt harde hjarta
og teke hovmodige ord i sin munn.
11No er dei ikring meg kvar eg går,
dei siktar på å slå meg til jorda.
12Dei liknar ei rovgrisk løve,
ei ungløve som ligg på lur.
13Reis deg, Herre!
Gå imot fienden og tving han i kne!
Fri meg frå nidingen med ditt sverd!
14Fri meg, Herre, med di hand
frå menneske i denne verda
som alt har fått si løn.
Fyll dei med det du har etla dei,
så sønene deira vert mette
og lèt resten gå til sine born.
15Men eg skal i rettferd få sjå ditt andlet;
når eg vaknar,
skal eg sjå din skapnad og mettast.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.