Job 37 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Ja, dette får hjarta til å skjelva,

av redsle hoppar det i min barm.

2Lyd på braket av hans røyst,

høyr kor det dyn frå hans munn!

3Han lèt lynet fara under heile himmelen,

han sender det til heimsens endar.

4Sidan rullar tora,

det er hans mektige røyst som ljomar.

Han sparer ikkje på lyn

alt medan røysta hans lyder.

5Gud gjer under når røysta ljomar,

han gjer storverk som vi ikkje skjønar.

6Til snøen seier han: «Fall ned på jorda!»

og det same til det høljande regnet.

7Då set han bom for arbeidet åt menneska,

så alle kan merka hans gjerningar.

8Villdyra går til sine holer

og held seg i ro i sine hi.

9Stormen fer ut or sitt kammer,

og med nordavinden fylgjer kulde.

10Når Gud pustar, kjem det is,

jamvel store vatn frys til.

11Han fyller skyene med væte

og breier ut sine lysande skyer.

12Dei driv av stad og fer hit og dit

etter som han styrer dei,

og alt han byd, det gjer dei

ut over heile den vide jord.

13Han lèt dei koma for å straffa,

om det er til gagn for jorda,

eller for å gjera vel mot henne.

14Høyr på dette, Job!

Stå still og legg merke til Guds under!

15Skjønar du korleis Gud gjev skyene påbod

og lèt ljoset stråla fram frå dei?

16Skjønar du korleis skyene driv,

eit underverk av han som veit alt?

17Du som klagar over at kleda vert varme,

når jorda dormar i sønnavind,

18kan du hjelpa han med å hamra skylaget

fast som ein spegel av støypt metall?

19Sei oss kva vi skal svara han!

Vi får ikkje fram eit ord for berre mørker.

20Får han bod når eg seier noko,

får han vita at nokon talar?

21No ser ikkje menneska ljoset,

det er gøymt bak mørke skyer;

men brått kjem vinden og sopar dei bort.

22Det kjem eit gylle skin frå nord,

kring Gud er ein skræmande ljosglans.

23Den Allmektige kan vi ikkje fatta.

Høg er hans makt og stor hans rettferd;

og retten krenkjer han aldri.

24Difor har menneska age for han,

men han ansar ikkje dei som trur dei er vise.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help