1Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem. Herren openberrar seg til dom
2Høyr, alle de folkeslag!
Lyd etter, du jord og alt som på deg er!
Herren Gud skal vitna mot dykk,
vitna frå sitt heilage tempel.
3Sjå, Herren går ut frå sin bustad,
stig ned og skrid fram over høgdene på jorda.
4Fjella brånar under han,
og dalane rivnar,
som voks når det brånar i eld,
som vatn når det renn utfor stup.
5Alt dette hender
fordi Jakob har falle frå,
fordi Israel har synda.
Kva er så Jakobs fråfall?
Er det ikkje Samaria?
Og kva er Judas synd?
Er det ikkje Jerusalem?
6Men eg skal gjera Samaria til ei steinrøys
og marka i byen til vingardsjord.
Eg velter steinane ned i dalen
og legg byens grunnvollar berre.
7Alle gudebileta der skal knusast
og horegåvene brennast i eld,
avgudsbileta gjer eg til inkjes.
Med horeløn er dei samla,
og til horeløn skal dei verta. Klage over byane i Juda
8Difor må eg klaga og jamra,
gå berrføtt og naken ikring,
klaga som sjakalen
og jamra som strutsen.
9For Juda har fått eit slag,
og såret er ulækjande.
Det har nått til porten åt mitt folk,
heilt til Jerusalem.
10Fortel ikkje dette i Gat!
Hald opp med gråt og skrik!
Velt dykk i støvet i Bet-Leafra!
11Far nakne og vanæra bort,
de som bur i Sjafir!
Folket i Sa'anan
vågar seg ikkje ut.
Klageropa i Bet-Haesel
riv grunnen bort under dykk.
12Korleis kan folket i Marot
venta seg noko godt,
når ulukke frå Herren
slår ned ved Jerusalems port?
13Spenn hestane for vogna,
de Lakisj-buar!
De vart opphav til Sions synd.
Hjå dykk er Israels fråfall å finna.
14Lat Moresjet-Gat få avskilsgåve!
Som ein sviktande bekk
er husa i Aksib for Israels kongar.
15Endå ein gong sender eg mot dykk,
de Maresja-buar,
ein som skal leggja dykk under seg.
Han kjem til Adullam, Israels prydnad.
16Klypp deg snau, rak håret av
i sorg over borna dine!
Gjer hovudet snautt som eit gribbehovud,
for dei er førte bort ifrå deg!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.