1Eit domsord.
Dette er Herrens ord om Israel, lyder ordet frå Herren, som spente ut himmelen og grunnla jorda og skapte ånd i mennesket:
3Den dagen skal det henda at eg gjer Jerusalem til ein lyftestein for alle folkeslag. Kvar den som freistar å lyfta han, skal berre riva seg opp. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot byen.
4Den dagen, lyder ordet frå Herren, vil eg slå alle hestane med vilske og ryttarane med vitløyse. Eg vil la augo mine vaka over Juda-ætta og slå alle hestane åt folka med blindskap.
5Då skal hovdingane i Juda seia med seg sjølve: «Dei som bur i Jerusalem, er sterke i sin Gud, Herren, Allhærs Gud.»
6Den dagen vil eg la hovdingane i Juda verta som ei glopanne i ein vedhaug og som ein brennande fakkel mellom kornband. Dei skal øyda ut, til høgre og til venstre, alle folka rundt ikring. Men folket i Jerusalem skal framleis bu trygt i byen sin.
7Herren vil fyrst berga telta åt Juda, så ikkje Davids hus og Jerusalems-buane får større ære enn Juda.
8Den dagen skal Herren verna dei som bur i Jerusalem. Dei som snåvar, skal vera som David den dagen, og Davids hus skal vera som Gud, som Herrens engel framføre dei.
9Den dagen skal det henda at eg prøver å gjera ende på alle dei folk som kjem imot Jerusalem.
11Den dagen skal syrgjehøgtida i Jerusalem vera like stor som syrgjehøgtida over Hadad-Rimmon i Megiddo-dalen.
12Landet skal halda klage, ætt for ætt:
Davids-ætta for seg og kvinnene deira for seg,
Natan-ætta for seg og kvinnene deira for seg,
13Levi-ætta for seg og kvinnene deira for seg,
Sjimi-ætta for seg og kvinnene deira for seg,
14alle dei andre ættene, kvar for seg,
og kvinnene deira for seg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.