1Ein salme. Ein song til tempelvigsla.
Av David.
2Eg lovar og prisar deg, Herre;
for du drog meg opp or djupet,
du lét ikkje mine fiendar triumfera over meg.
3Herre, min Gud, eg ropa til deg,
og du lækte meg.
4Herre, frå dødsriket førte du meg opp,
du gav meg liv og berga meg frå grava.
5Spel for Herren, de hans trugne,
og lovsyng hans heilage namn!
6Ein augneblink varer hans vreide,
hans nåde varer livet ut.
Om kvelden kjem gråt som gjest,
om morgonen er det gledesong.
7Eg kjende meg trygg og tenkte:
«Aldri i æve skal eg rikkast!»
8Herre, i din nåde
sette du meg på fast fjell;
men så løynde du ditt åsyn,
og eg vart gripen av redsle.
9Då ropa eg til deg, Herre,
inderleg bad eg til min Gud:
10«Kva gagnar det at eg må døy,
at eg må gå i grav?
Kan vel støvet prisa deg,
kan det forkynna din truskap?
11Høyr meg, Herre, og ver meg nådig!
Herre, kom meg til hjelp!»
12Du vende mi sorg og mi klage til dans;
du løyste min syrgjebunad
og lét meg bera gledeskrud.
13Difor vil eg av heile mi sjel
syngja om deg og aldri teia.
Eg takkar deg evig, Herre, min Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.