1I det andre året Nebukadnesar var konge, hadde han draumar som gjorde han så uroleg i hugen at han ikkje fekk sova.
5Då sa kongen til stjernetydarane: «Det er min faste vilje at dersom de ikkje fortel meg draumen og tyder han, skal de hoggast i sund, og husa dykkar skal verta til ein grushaug.
6Men dersom de fortel meg draumen og tyder han, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og sei kva han tyder!»
7Då svara dei andre gongen: «Kongen må fortelja tenarane sine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.»
8Kongen sa: «Eg skjønar godt at de prøver å vinna tid, fordi de ser at ordet mitt står fast:
9Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, vil same domen råka dykk alle. Men de har vorte samde om å føra meg bak ljoset med ei lygn, i von om at tidene skal snu. Fortel meg difor draumen, så veit eg at de òg kan seia meg kva han tyder!»
10Stjernetydarane svara kongen: «Det finst ikkje eit menneske på jorda som kan fortelja kongen det han vil vita. For aldri har nokon konge, kor stor og mektig han var, kravt noko slikt av ein spåmann, åndemanar eller stjernetydar.
11Det kongen krev, er for vanskeleg. Det finst ikkje andre enn gudane som kan fortelja kongen det han vil vita, og dei bur ikkje mellom døyelege menneske.»
12Kongen vart arg og sint for dette og baud at dei skulle drepa alle vismennene i Babylonia.
13Då påbodet om å drepa vismennene var utsendt, leita dei òg etter Daniel og venene hans og ville slå dei i hel.
14Då vende Daniel seg med kloke og vituge ord til Arjok, hovdingen over livvakta åt kongen, som hadde drege ut for å drepa vismennene i Babylonia.
15Han tok til ords og spurde Arjok, hovudsmannen åt kongen: «Kvifor har kongen gjeve dette strenge påbodet?» Då fortalde Arjok Daniel korleis det hadde seg.
16Daniel gjekk då inn og bad kongen gje han ein frist, så skulle han tyda draumen for han.
17Sidan gjekk Daniel heim og fortalde venene sine, Hananja, Misjael og Asarja, det som hadde hendt.
18Han ville at dei skulle be Gud i himmelen visa miskunn og openberra denne løyndomen, så Daniel og venene hans ikkje skulle missa livet saman med dei andre vismennene i Babylonia.
19Då fekk Daniel vita løyndomen i eit syn om natta. Og Daniel prisa Gud i himmelen.
20Han tok til ords og sa:
Lova vere Guds namn
frå æve og til æve!
For visdomen og styrken er hans.
21Han lèt år og tider skifta,
set kongar av og set kongar inn.
Han gjev dei vise visdom
og dei vituge vit.
22Han openberrar det djupe og dulde;
han veit kva som er i mørkret,
og hjå han bur ljoset.
23Deg, mine fedrars Gud,
lovar og prisar eg,
for du har gjeve meg visdom og styrke.
No har du fortalt meg det vi bad om;
det kongen vil vita, har du kunngjort oss.
Daniel tyder draumen åt kongen24Så gjekk Daniel til Arjok, som kongen hadde gjeve påbod om å drepa vismennene i Babylonia. Han kom og sa til han: «Drep ikkje vismennene i Babylonia! Før meg fram for kongen, så skal eg tyda draumen for han.»
25Då skunda Arjok seg og førte Daniel inn til kongen og sa til han: «Mellom dei bortførte frå Juda har eg funne ein mann som kan tyda draumen for kongen.»
26Kongen tok til ords og spurde Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar: «Kan du fortelja meg den draumen eg har hatt, og tyda han?»
27Daniel svara kongen: «Den løyndomen som kongen spør om, kan ingen vismann eller åndemanar, spåmann eller teikntydar kunngjera for kongen.
28Men det er ein Gud i himmelen som openberrar løyndomar. Han har kunngjort for kong Nebukadnesar kva som skal henda i dei siste dagar. Dette er draumen og synene du hadde, medan du låg på lega di.
29Då du låg på lega di, konge, steig det tankar opp i deg om det som skal henda i framtida. Han som openberrar løyndomar, fortalde deg det som skal henda.
30Og når denne løyndomen har vorte openberra for meg, er det ikkje fordi eg har større visdom enn alle andre som lever, men for at kongen skal få vita kva draumen tyder, så du kan kjenna tankane i hjarta ditt.
31Konge, i synet såg du ei veldig biletstøtte. Denne støtta var stor og stråla sterkt. Ho stod beint framfor deg og såg skræmeleg ut.
32Hovudet på støtta var av reint gull, brystet og armane av sølv, magen og hoftene av kopar;
33leggene var av jern og føtene dels av jern, dels av brend leire.
34Medan du stod og såg på biletstøtta, vart ein stein riven laus, men ikkje med menneskehender, og han råka føtene, som var av jern og leire, og krasa dei.
35Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, koparen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det og føykte det bort, så det ikkje fanst dusta att. Men steinen som hadde råka biletet, vart til eit stort fjell, som fylte heile jorda.
36Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen kva han tyder.
37Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære!
44Men på den tid då desse kongane rår, skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid.
46Då kasta kong Nebukadnesar seg ned med andletet mot jorda og viste Daniel ære. Han baud at dei skulle bera fram offer og røykjelse for han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.