1Då Jesus gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.
2Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?»
3Jesus svara: «Korkje han eller foreldra hans har synda. Men det hende for at Guds gjerningar skulle syna seg på han.
8Grannane og dei som før hadde sett at han tigga, sa då: «Er ikkje dette han som sat og bad seg?»
9«Jau, det er han,» sa somme. Andre sa: «Nei, men han er lik han.» Sjølv sa han: «Det er eg.»
10«Korleis vart augo dine opna?» spurde dei.
11Han svara: «Den mannen som heiter Jesus, laga ei gjørme og smurde på augo mine og sa: Gå til Siloa og vask deg! Eg gjekk dit, og då eg hadde vaska meg, kunne eg sjå.»
12«Kvar er denne mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje,» svara han.
13Så førte dei han som hadde vore blind, til farisearane.
14Det var sabbat den dagen Jesus hadde laga gjørma og opna augo hans.
18Jødane ville ikkje tru at han hadde vore blind og fått synet, før dei hadde henta foreldra hans. Dei sende bod etter dei
19og spurde: «Er dette dykkar son, han som de seier er fødd blind? Korleis har det seg då at han kan sjå?»
20Foreldra svara: «Vi veit at dette er vår son, og at han er fødd blind.
21Men korleis det har seg at han no kan sjå, det veit vi ikkje; og heller ikkje veit vi kven som har opna augo hans. Spør han sjølv! Han er gamal nok til å svara for seg.»
22Dette sa dei fordi dei var redde jødane. For jødane hadde alt vorte samde om at den som sanna at Jesus var Messias, skulle støytast ut or synagoga.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.