2. Krønikebok 21 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Så gjekk Josjafat til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i Davids-byen, og Joram, son hans, vart konge etter han.

3Far deira gav dei mange gåver: sølv og gull og dyre eigneluter og attåt det festningsbyar i Juda. Men kongedømet gav han til Joram; for han var den eldste.

Kong Jorams synd og straff

4Då Joram hadde stige opp på kongsstolen etter far sin og hadde trygt makta si, drap han alle brørne sine med sverd og like eins nokre av stormennene i Israel.

5Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.

6Han fylgde den same vegen som Israels-kongane og bar seg like eins åt som Akabs-ætta. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo.

8I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.

9Då drog Joram dit med hovdingane sine og hadde alle stridsvognene med seg. Han tok ut om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og førarane for stridsvognene.

10Likevel kom edomittane seg laus frå Juda og har styrt seg sjølve til denne dag. På same tid reiv Libna seg laus frå Joram, fordi han hadde vendt seg frå Herren, sine fedrars Gud.

11Han bygde òg offerhaugar i Juda-fjella, fekk folket i Jerusalem til å driva avgudsdyrking og førte judearane bort frå den rette vegen.

12Då kom det eit brev til Joram frå profeten Elia, og der stod det: Så seier Herren, Gud åt David, far din: Fordi du ikkje har fare fram som Josjafat, far din, og Asa, Juda-kongen,

13men har fylgt den same vegen som Israels-kongane og fått Juda-folket og Jerusalems-buane til å driva avgudsdyrking, på same vis som Akabs-ætta gjorde det, og fordi du jamvel har drepe brørne dine, sønene til din eigen far, endå dei var betre enn du,

14så vil Herren retta eit hardt slag mot folket ditt, sønene dine og konene dine og alt det du eig.

15Og sjølv skal du få ein sjukdom, ein sjukdom i livet, som er så hard at innvolen til sist fell ut.

16Så eggja Herren opp filistarane og dei arabarane som bur bortmed nubiarane, så dei vart harme på Joram.

17Dei gjorde ei hærferd mot Juda, trengde inn i landet og førte bort alle eigneluter som fanst i kongsgarden, og jamvel sønene og konene hans. Berre ein av sønene sine hadde han att, Joakas, som var yngst.

18Etter alt dette lét Herren han få ein ulækjande sjukdom i livet.

19Og til sist, då to år var lidne, førte sjukdomen til at innvolen fall ut, og han døydde i hard liding. Folket hans kveikte ikkje nokon eld til ære for han, som dei hadde gjort for fedrane hans.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help