1Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter.
2For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det.
3Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:
Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
Guds verk var nok fullført då verda vart skapt.
4For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk.
6Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige.
7Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde.
8Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. Jesus, den store øvstepresten(4,14–10,18)Prøvd i alt
14Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.