1. Kongebok 13 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Men best som Jeroboam stod for altaret og kveikte offerelden, kom det etter Herrens vilje ein gudsmann frå Juda til Betel.

2På Herrens bod ropa han mot altaret: «Altar! Altar! Så seier Herren: Det skal fødast ein son i Davids-ætta; Josjia skal han heita. På deg skal han ofra offerhaug-prestane som brenner offer på deg; på deg skal han brenna menneskebein.»

31Då han hadde gravlagt gudsmannen, sa han til sønene sine: «Når eg døyr, skal de leggja meg i den grava som gudsmannen ligg i. De skal leggja beina mine attmed hans.

32For det skal gå i oppfylling, det ordet han på Herrens bod ropa mot altaret i Betel og mot alle heilagdomane på haugane ved byane i Samaria.»

33Trass i denne hendinga vende ikkje Jeroboam om frå si vonde ferd. Han heldt fram med å setja kven han ville til prestar på offerhaugane. Alle som hadde hug til det, vigde han til prestar på haugane. 12,31; 2 Mos 28,41

34Dette førte skuld over Jeroboams ætt, og det var grunnen til at ho vart øydd og utrudd av jorda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help