Apostelgjerningane 14 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

I Ikonium

1I Ikonium fór dei fram på same vis: Dei gjekk inn i den jødiske synagoga, og dei tala såleis at ei stor mengd jødar og grekarar kom til tru.

2Men dei jødane som ikkje ville tru, eggja opp heidningane og sette dei opp mot brørne.

3Likevel vart dei verande der ei tid, og tala med frimod i tillit til Herren, og han vitna for sitt nådeord med teikn og under som han gav dei makt til å gjera.

13Presten i Zevs-templet tett utanfor byen kom til byporten med oksar og blomekransar og ville ofra saman med folket.

14Men då apostlane Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei sund kappene sine, sprang inn i flokken

15og ropa: «Kva er det de finn på, godt folk? Vi er då vanlege menneske som de! Vi forkynner at de må venda om frå desse gagnlause avgudane til den levande Gud, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som i dei er. 10,26; 4,24+; 1 Tess 1,9

16I framfarne tider lét han nok alle folkeslag gå sine eigne vegar; 17,30

17men han lét velgjerningar vitna om seg. Frå himmelen sende han dykk regn og grøde i rett tid, han gav dykk føde og fylte hjarto dykkar med glede.» Sal 104,27f; Jer 5,24; Apg 17,26f

18Såleis tala dei, men det var berre så vidt dei greidde å hindra folket i å ofra til seg.

19Men så kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk folket på si side, og så steina dei Paulus og drog han ut or byen; for dei trudde han var død. 2 Kor 11,25; 2 Tim 3,11

20Men læresveinane slo ring om han, og han reiste seg opp og gjekk inn i byen. Dagen etter tok han ut og fór saman med Barnabas til Derbe.

Attende til Antiokia

21Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. Så reiste dei attende til Lystra og Ikonium, og derifrå til Antiokia.

22Og kvar dei kom, styrkte dei læresveinane og oppmoda dei til å vera faste i trua og sa: «Vi må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler.» Matt 10,38+; Apg 13,43; 1 Tess 3,3; 2 Tim 3,12

23I kvar kyrkjelyd valde dei ut eldste åt dei, og gav dei med bøn og faste over til Herren som dei trudde på. 13,3; Tit 1,5

24Så drog dei gjennom Pisidia og kom til Pamfylia.

25Dei forkynte Ordet i Perge og fór så ned til Attalia.

26Derifrå siglde dei til Antiokia, den staden der dei vart overgjevne til Guds nåde, då dei skulle gå i gang med det verket dei no hadde fullført. 13,1f

27Då dei kom dit, samla dei kyrkjelyden og fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei, og at han hadde opna ei dør til tru for heidningane. 15,4.12; 1 Kor 16,9+

28Og dei vart verande ei god stund hjå læresveinane i Antiokia.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help