1Då sa Herren til Moses: «No skal du få sjå kva eg vil gjera med farao. Med mi sterke hand skal eg tvinga han til å la dei fara, ja, med mi sterke hand skal eg tvinga han til å driva dei ut or landet sitt.»Herren sender Moses til folket
2Gud tala til Moses og sa: «Eg er Herren.
3Eg synte meg for Abraham, Isak og Jakob som Gud Den Allmektige, men namnet Herren gjorde eg ikkje kjent for dei.
4Og eg gjorde mi pakt med dei og lova dei Kanaan, det landet dei budde i som framande og utlendingar.
13Så tala Herren til Moses og Aron og sende dei til israelittane og til farao, egyptarkongen, med det bodet at dei skulle føra israelittane ut or Egypt.
Forfedrane til Moses og Aron14Dette er ættehovdingane deira: Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Hanok, Pallu, Hesron og Karmi. Det er Rubens-ættene.
15Sønene til Simeon var Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, som var son til ei kanaaneisk kvinne. Det er Simeons-ættene.
16Dette er namna på Levi-sønene og ættene deira: Gersjon, Kehat og Merari. Levi vart 137 år gamal.
23Aron tok Elisjeba til kone. Ho var dotter til Amminadab og syster til Naksjon. Med henne fekk han sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.