Salmane 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Fri meg frå alle som jagar meg!

1Ein klagesalme som David song for Herren på grunn av den meldinga Kusj frå Benjamin hadde kome med.

2Herre, min Gud, eg flyr til deg.

Frels meg og fri meg frå alle som jagar meg,

3så dei ikkje, liksom ei løve

riv meg sund og dreg meg bort

– utan at nokon bergar.

4Herre, min Gud, har eg fare så

at det er urett i mine hender,

5har eg gjort vondt mot min ven

og rana min motstandar utan grunn,

6så lat fienden jaga og nå meg,

trakka meg levande til jorda

og kasta mi ære i støvet. Sela

7Reis deg, Herre, i din vreide,

stå opp mot dei som rasar imot meg!

Vakna, min Gud, du som stemner til doms.

8Lat skaren av folkeslag samlast ikring deg,

og ta ditt sete høgt over dei!

9Herre, du som dømer folka,

hjelp meg til min rett,

for eg er rettvis og heil i mi ferd.

10Gjer ende på vondskapen åt dei gudlause,

men lat den rettferdige verta ståande!

Du som prøver hjarto og nyrer,

du er ein rettferdig Gud.

11Gud er mitt vernande skjold,

han frelser dei ærlege av hjarta.

12Gud er ein rettferdig domar,

ein Gud som feller dom kvar dag.

13Sanneleg, fienden kvesser atter sverdet,

spenner bogen og siktar.

14Men sjølv vert han råka av dei drepande våpen

og dei brennande piler han steller til.

15Sjå, han er svanger med vondskap,

har avla udåd og føder svik.

16Han har grave eit hol og gjort det djupt,

men sjølv fell han ned i den grava han grov.

17Den udåden han har tenkt ut,

kjem over hans eige hovud,

valdsferda råkar hans eigen skalle.

18Eg prisar Herren for hans rettferd

og lovsyng namnet åt Herren, Den Høgste.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help