1Til korleiaren. Etter «Liljene».
Av Korah-songarane. Ein læresalme.
Ein song om kjærleik.
2Mitt hjarta strøymer over av gode ord,
eg vil kveda min song for kongen.
Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel.
3Du er den fagraste av menneske,
milde ord har du på lippa.
Difor har Gud velsigna deg for alltid.
4Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe,
i di høgd og din herlegdom!
5Ha lukka med deg!
Dra ut til strid
for sanning, mildskap og rett!
Di høgre hand skal visa deg
skræmande storverk.
6Dine piler er kvasse
– folk stuper for deg;
dei råkar kongens fiendar i hjarta.
7Din kongsstol, Gud,
står til evig tid,
rettferds stav er din kongsstav.
8Du elska rettferd og hata urett.
Difor har Gud, din Gud,
salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.
9Av myrra, aloë og kassia
angar heile ditt skrud.
Du gleder deg over strengespel
frå elfenbeinsprydde haller.
10Mellom dine edle damer
er det kongsdøtrer,
og ved di høgre side
står dronninga i Ofir-gull.
11Høyr, dotter, sjå hit og vend øyra til!
Gløym ditt folk og di farsætt,
12så vil kongen gleda seg over din venleik!
For han er din herre, han skal du hylla.
13Frå Tyrus kjem dei med gåver,
dei rike i folket søkjer din velvilje.
14I all sin prydnad stig kongsdottera inn,
hennar kjole er gjennomvoven med gull.
15I sin fargerike bunad vert ho leidd til kongen.
Etter henne fylgjer unge jenter,
hennar veninner, som vert førte fram for deg.
16Medan folket ropar av fryd og glede,
går dei inn i kongens slott.
17Dine søner skal koma i staden for fedrane;
set dei til hovdingar kringom i landet!
18Frå ætt til ætt vil eg prisa ditt namn;
difor skal folka lova deg evig og alltid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.