2. Kongebok 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Elisja lækjer Na'aman

1Na'aman, hærføraren åt aramearkongen, hadde mykje å seia hjå herren sin og var høgt vørd; for med hans hjelp hadde Herren gjeve aramearane siger. Han var ein stor krigar, men han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein.

2På ei av herjeferdene sine hadde aramearane ein gong ført bort ei lita jente frå Israel. No tente ho hjå kona åt Na'aman.

3Ein dag sa ho til matmor si: «Berre husbonden min var hjå profeten i Samaria, så skulle han nok gjera han god att av hudsjukdomen.»

4Na'aman gjekk til herren sin og fortalde han kva jenta frå Israel hadde sagt.

5Då sa aramearkongen: «Far du dit! Eg skal senda med deg eit brev til kongen i Israel.» Så tok han ut og hadde med seg ti talentar sølv, seks tusen sekel gull og ti festkledningar.

6Na'aman gjekk fram for Israels-kongen og gav han brevet. Der stod: «Når du får dette brevet, ser du at eg har sendt Na'aman, tenaren min, til deg for at du skal gjera han god att av den sjukdomen han lid av.»

7Då Israels-kongen hadde lese brevet, reiv han sund kleda sine og sa: «Er eg Gud, så eg rår for liv og død, sidan han sender bod til meg og vil at eg skal gjera han god att av hudsjukdomen? No kan de vel sjå og skjøna at han vil yppa strid med meg!»

15Så fór han attende til gudsmannen med heile fylgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Gjer vel og ta imot ei gåve av tenaren din!»

16Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.» Na'aman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje.

17Då sa Na'aman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, men berre til Herren.

18Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-templet for å kasta seg ned og tilbe der, og han stør seg på handa mi, så eg òg kastar meg ned der i Rimmon-templet, då må Herren tilgje meg det.»

19Elisja svara: «Far i fred!»

Då Na'aman hadde gått frå han og var komen eit stykke på vegen,

20tenkte Gehasi, som var tenestgut hjå gudsmannen Elisja: «No har husbonden min spart denne aramearen Na'aman og ikkje teke imot det han hadde med seg. Så sant Herren lever: Eg vil springa etter han og få eitkvart av han.»

21Dermed sette Gehasi av stad etter Na'aman. Då Na'aman såg at det kom ein springande etter han, hoppa han ned av vogna, gjekk imot han og spurde: «Kva er i vegen?»

22«Ikkje noko,» sa Gehasi, «men herren min har sendt meg med dette bodet: To unge profetsveinar frå Efraims-fjella er nett komne til meg. Lat dei få ein talent sølv og eit par festkledningar!»

23Na'aman svara: «Gjer vel og ta to talentar!» Han nøydde han og knytte to talentar sølv inn i to pungar. Så tok han to festkledningar og gav til to av tenestgutane sine, som bar dei føre Gehasi.

24Men då dei kom opp på haugen, tok han det frå dei og gøymde det i huset. Så bad han farvel med mennene, og dei fór sin veg.

25Då Gehasi kom inn og gjekk bort til herren sin, sa Elisja til han: «Kvar kjem du frå, Gehasi?» «Eg har ikkje vore nokon stad,» svara han.

26Men profeten sa til han: «Trur du ikkje eg var der i ånda då mannen snudde seg frå vogna og gjekk til møtes med deg? Har du no teke imot pengar for å få deg klede, oliventre og vingardar, småfe og storfe, trælar og trælkvinner?

27Difor skal hudsjukdomen åt Na'aman for alltid hanga ved deg og ætta di.» Då Gehasi gjekk bort frå han, var han sjuk; huda hans var som snø.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help