Salmane 104 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Guds visdom i skaparverket

1Lov Herren, mi sjel!

Stor er du, Herre, min Gud!

I høgd og herlegdom har du kledt deg,

2ljoset er kappa du sveiper deg i.

Du har spent himmelen ut som ein teltduk

3og tømra din høgsal i vatnet.

Du gjer skyer til di vogn

og fer fram på vengene åt vinden.

4Vindar gjer du til sendebod,

eld og logar til dine tenarar.

5Du grunnla jorda på hennar søyler,

aldri i æve skal ho rikkast.

6Havdjupet gøymde henne som ei kappe,

vatnet stod over fjella.

7Men det flydde for ditt trugsmål,

laut røma for ditt toremål.

8Det steig over fjell og seig ned i dalar,

til staden du hadde fastsett for det.

9Du sette ei grense det ikkje går over,

det skal ikkje gøyma jorda meir.

10Du lèt kjelder strøyma fram i dalane,

bekker renn mellom fjella.

11Dei gjev vatn til alle villdyr på marka,

der sløkkjer villesla sin torste.

12Der har fuglane under himmelen reir,

dei syng mellom greinene.

13Du vatnar fjella frå din høgsal,

og jorda fyllest med grøda du gjev.

14Gras lèt du gro for dyra,

og for menneska vokstrar som dei kan dyrka.

Slik lèt du brødet koma frå jorda

15– og vinen som gjer menneske glade.

Du lèt andletet skina av olje,

og gjev brød som styrkjer mennesket.

16Herrens tre får sløkkja torsten,

sedrane på Libanon, som han har planta.

17I dei byggjer fuglane reir,

i sypressen har storken sitt hus.

18I dei høgaste fjell har steinbukken sin heim,

i bergskortene finn grevlingen livd.

19Du skapte månen til tidarmerke,

og sola, som veit når ho skal glada.

20Du sender mørker, og natta kjem;

då krek dei fram, alle dyr i skogen.

21Unge løver brøler etter rov

og krev at Gud skal gje dei føde.

22Så renn sola, dei smyg seg bort

og legg seg til ro i sine holer.

23Då går mennesket til si gjerning,

vil gjera sitt arbeid alt til kvelds.

24Herre, kor mange dine gjerningar er!

Og alle har du gjort dei med visdom;

jorda er full av det du har skapt.

25Der er havet, så stort og vidt,

med ei uteljande mengd

av små og store dyr.

26Der går skipa, der er Leviatan,

som du har skapt til å leika seg i havet.

27Alle ventar dei på deg,

at du skal gje dei mat i rette tid.

28Du strøyer ut, og dei kan sanka;

du opnar handa

og mettar dei med gode gåver.

29Løyner du ditt andlet, vert dei gripne av redsle;

tek du livsanden frå dei, døyr dei

og vert atter til jord.

30Du sender din Ande, og liv vert skapt,

heile jordflata nyar du opp att.

31Gjev Herrens ære må vara evig,

og Herren gleda seg over sitt verk!

32Når han ser på jorda, skjelv ho;

når han rører fjella, ryk dei.

33Eg vil syngja for Herren heile mitt liv

og prisa min Gud så lenge eg er til.

34Gjev Herren må ta vel imot mitt kvad,

så eg kan gleda meg i han.

35Lat syndarane kverva frå jorda,

lat ingen gudlaus finnast meir!

Lov Herren, mi sjel! Halleluja!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help