1Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren i det tiande året Sidkia var konge i Juda; det var det attande styringsåret åt Nebukadnesar.
12og gav det til Baruk, son til Neria Maksejason, for augo på Hanamel, syskenbarnet mitt, og vitna som hadde skrive under på kjøpebrevet, og alle dei judearane som heldt til i vaktgarden.
13Medan dei var til stades, sa eg til Baruk:
14Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Ta desse breva, både den delen av kjøpebrevet som er forsegla, og den som er open, og legg dei i ei leirkrukke, så dei kan halda seg lenge.
15For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei kjøpa hus og jorder og vingardar her i landet.
16Då eg hadde gjeve kjøpebrevet til Baruk Neriason, bad eg til Gud og sa:
17Å, Herre, min Gud, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din strake arm. Ingen ting er umogeleg for deg.
36Men no seier Herren, Israels Gud, om denne byen som de seier er gjeven i hendene på babylonarkongen ved sverd og svolt og pest:
37Sjå, eg samlar dei frå alle dei land eg dreiv dei bort til i min vreide, harme og store uvilje, og fører dei heim att til denne staden og lèt dei bu trygt.
42For så seier Herren: Liksom eg har late alle desse store ulukkene koma over folket, såleis vil eg òg la dei oppleva alt det gode eg har lova dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.