1Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2Eg venta og vona på Herren.
Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.
3Han drog meg opp or den tynande grav,
opp or den djupe gjørma.
Han sette mine føter på fjell
og lét meg gå med faste steg.
4Han la ein ny song i min munn,
ein lovsong til vår Gud.
Mange skal sjå det og ottast
og setja si lit til Herren.
5Sæl er den mann
som set si lit til Herren,
og ikkje held seg til dei stolte,
til dei som fell frå i lygn.
6Herre, min Gud,
mange under har du gjort,
og mange tankar har du til vårt beste;
ingen kan mæla seg med deg.
Vil eg tala og fortelja om dei,
er dei reint uteljande.
7Slaktoffer og gåve har du ikkje hug på,
– du har opna mitt øyra;
brennoffer og syndoffer krev du ikkje.
8Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.
I bokrullen er det skrive om meg.
9Å gjera din vilje, Gud, er mi lyst,
eg har di lov i mitt hjarta.»
10Eg forkynte bodskapen om frelsa
i den store samling.
Eg lét ikkje att mine lipper;
det veit du, Herre.
11Di rettferd heldt eg ikkje for meg sjølv,
eg tala om din truskap og di frelse.
Di miskunn og di sanning forkynte eg ope
i den store samling.
12Herre, du vil ikkje
ta di miskunn frå meg.
Di miskunn og di sanning
skal alltid verna meg.
13Eg har tallause trengsler på alle kantar,
mine misgjerningar tek meg att,
– eg kan ikkje lenger lyfta augo;
dei er fleire enn håra på mitt hovud.
Eg har reint mist motet.
14Herre, gjer vel og fri meg ut!
Skund deg og hjelp meg, Herre!
15Lat alle som står meg etter livet,
verta til spott og spe!
Lat dei som vil tyna meg,
dra seg tilbake med vanære.
16Dei som spottar meg og ropar «ha-ha»,
skal stivna av redsle og skam.
17Men lat alle som søkjer deg,
fegnast og gleda seg i deg!
Lat dei som elskar di frelse,
alltid seia: «Stor er Herren!»
18Eg er hjelpelaus og fattig,
men Herren har omsut for meg.
Du er min hjelpar og bergingsmann;
dryg ikkje lenger, min Gud!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.