Esekiel 38 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Gog går til åtak på Israel

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Menneske, vend deg mot Gog i Magog-landet, storfyrsten over Mesjek og Tubal. Tal profetord mot han

7Bu deg og gjer deg klar, du og alle dine skarar som er samla hjå deg. Du skal vakta dei.

8Når lang tid har gått, skal du kallast til teneste. Og når åra er ute, skal du koma til eit land som er bygt opp att etter krig og herjing, og der folket er samla frå mange folk på Israels-fjella, som lenge låg aude. Dei vart henta heim frå folka, og no bur dei alle trygt.

13Folk frå Saba og Dedan, kjøpmenn frå Tarsis og alle dei mektige der skal seia til deg: «Kjem du no og vil rana og røva? Har du samla alt ditt mannskap for å ta hærfang, for å føra bort sølv og gull, ta fe og gods og få med deg eit veldig bytte?»

14Difor skal du tala profetord, menneske, og seia til Gog: Så seier Herren Gud: På den tid, når Israel, folket mitt, bur trygt, vil du ikkje då ta ut

15og koma frå landet ditt lengst i nord, du og mange folk med deg, alle til hest, ein stor flokk og ein veldig hær?

16Du dreg opp mot Israel, folket mitt, lik ei sky som ligg over landet. Det skal henda i dei siste dagar, då fører eg deg mot landet mitt, så folkeslaga skal læra meg å kjenna, når eg på deg, Gog, midt framfor augo deira, viser kor heilag eg er.

17Så seier Herren Gud: Var det ikkje deg eg tala om i gamle dagar gjennom tenarane mine, profetane i Israel? Dei tala den gongen om at eg skulle føra deg mot Israel.

18Men når den tid kjem, når Gog går mot Israels-landet, då skal harmen stiga opp i meg, lyder ordet frå Herren Gud.

19I min brennande iver og glødande harme seier eg: Den dagen skal det koma eit sterkt jordskjelv over Israels-landet. Matt 24,7.21; Luk 21,11.25.26

20Då skal alle skjelva for meg: fiskane i havet, fuglane under himmelen og dyra på marka, alt krypet som det kryr av på bakken, og kvart menneske som bur på jorda. Fjella skal styrta saman, bergveggene skal rasa ned og alle murane jamnast med jorda.

21Då kallar eg sverd imot han på alle mine fjell, seier Herren Gud. Den eine skal venda sverdet mot den andre. Dom 7,22; 1 Sam 14,20; 2 Krøn 20,23

22Eg straffar han med pest og blodsutrenning. Eg sender høljande regn og haglsteinar og lèt det regna eld og svovel over han og fylkingane hans og over alle folka som er med han. 1 Mos 19,24; Jos 10,11; Sal 11,6; Op 20,9

23Såleis viser eg mitt velde og mi guddomsmakt og gjev meg til kjenne for augo på mange folkeslag. Då skal dei sanna at eg er Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help