1Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og siglde beint til Kos, dagen etter til Rhodos og derifrå til Patara.
2Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att.
3Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og siglde mot Syria. I Tyrus la vi til lands; for der skulle skipet lossa.
4Vi leita opp læresveinane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte fara opp til Jerusalem.
15Då desse dagane var lidne, gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem.
16Nokre av læresveinane i Cæsarea slo lag med oss og fylgde oss til Mnason frå Kypros, ein av dei aller fyrste læresveinane; hjå han skulle vi bu.
Paulus hjå Jakob17Då vi kom til Jerusalem, tok brørne imot oss med glede.
18Dagen etter gjekk Paulus saman med oss til Jakob, og dit kom alle dei eldste.
26Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i templet og sa frå når reinsingsdagane var ute og offeret for kvar av dei skulle berast fram.Paulus vert teken til fange i templet
27Då det leid mot slutten av dei sju dagane, fekk nokre jødar frå Asia sjå han på tempelplassen. Dei øste opp heile folkehopen, la hand på han
28og skreik: «Israelittar, kom og hjelp! Her er den mannen som lærer alle, kvar han kjem, slikt som er imot folket og lova og denne staden. No har han jamvel teke grekarar med seg inn i templet og vanhelga denne heilage staden.»
32Han tok straks med seg soldatar og offiserar og sprang ned til dei. Då dei såg kommandanten og soldatane, heldt dei opp med å slå Paulus.
33Kommandanten gjekk bortåt; han lét mennene sine gripa Paulus, og baud at han skulle bindast med to lekkjer. Så spurde han kven han var, og kva han hadde gjort.
34Men i folkehopen ropa somme eitt og somme noko anna, og då det var slikt ståk at han ikkje kunne få skikkeleg greie på noko som helst, baud han at Paulus skulle førast inn i borga.
35Men då dei kom til troppa, trengde hopen så hardt på at soldatane laut bera han;
36for heile folkemengda fylgde etter og skreik: «Drep han!» Luk 23,18; Apg 22,22
37Då dei skulle til å gå inn i borga, sa Paulus til kommandanten: «Får eg lov til å tala eit ord med deg?» Han svara: «Kan du gresk?
38Så er du då ikkje den egyptaren som for ei tid sidan gjorde opprør og førte dei fire tusen knivstikkarane ut i øydemarka?»
39«Eg er ein jøde,» sa Paulus, «og høyrer heime i Tarsus, denne velkjende byen i Kilikia. Eg bed deg: Lat meg få tala til folket!» 9,11; 22,3
40Det fekk han lov til, og Paulus steig fram på troppa og gav teikn med handa til folket. Då det vart heilt stilt, tala han til dei på hebraisk:
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.