1Då kom mennene i Kirjat-Jearim og henta Herrens paktkiste. Dei førte henne til Abinadabs hus, som låg oppe på haugen. Og dei vigsla Elasar, son hans, til å vakta Herrens paktkiste.Samuel styrer i Israel
2Frå den dagen paktkista kom til Kirjat-Jearim, gjekk det lang tid; det gjekk tjue år. Då vende heile Israels-folket seg til Herren.
3Og Samuel sa til heile Israels-folket: «Vender de om til Herren av eit heilt hjarta, så få bort dei framande gudane og Astarte-bileta! Vend hjarta dykkar til Herren og ten han! Så skal han fria dykk frå filistarveldet.»
7Så snart filistarane fekk greie på at israelittane hadde samla seg i Mispa, drog fyrstane deira opp mot Israel. Då israelittane høyrde det, vart dei redde
8og sa til Samuel: «Hald ikkje opp med å ropa til Herren vår Gud for oss, så han bergar oss frå filistarveldet.»
9Då tok Samuel eit soglam og ofra det som heiloffer til Herren. Han ropa til Herren for Israel, og Herren svara han.
10Medan Samuel bar fram brennofferet, rykte filistarane fram til strid mot israelittane. Men den dagen sende Herren eit sterkt torever over filistarane og sette slik støkk i dei at dei tapte for israelittane.
13Såleis vart filistarane kua, og dei kom ikkje oftare innanfor Israels grenser. Herrens hand låg tungt på filistarane så lenge Samuel levde.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.