Josva 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Alle amorittkongane vestanfor Jordan og alle kanaanearkongane utmed havet miste reint motet då dei høyrde at Herren hadde turka ut Jordan for israelittane medan dei gjekk over, og dei torde ikkje møta israelittane.Omskjering og påskehøgtid i Gilgal

2På den tid sa Herren til Josva: «Lag deg nokre steinknivar og omskjer israelittane att!»

3Då laga Josva seg steinknivar og omskar israelittane attmed Ha'aralot-haugen.

4Men at han laut omskjera dei, det hadde seg så: Alt folket som fór frå Egypt, alle menn som då var våpenføre, hadde døytt i øydemarka på vegen frå Egypt.

10Medan israelittane låg i leir attmed Gilgal, heldt dei påske der på Jeriko-moane, om kvelden den fjortande dagen i månaden. Mannen med sverdet

13Ein gong medan Josva var bortmed Jeriko, hende dette: Best han såg opp, fekk han auga på ein mann som stod beint framføre han med eit drege sverd i handa. Då gjekk Josva bort til han og spurde: «Er du av våre folk, eller høyrer du fienden til?»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help